Opprykkstips

Vi har teke oss ein runde med litt personar innan Honndalsfotballen for å sjekke kven folk held som opprykksfavoritta. Kva to lag trur du rykkje opp frå 4 divisjon i år? Evt Kvifor? Steinar Bakka: Skavøypoll og Jølster. Frank Hool: Eg trur at Hornindal rykkjer opp frå 4. divisjon på grunn av ein imponerande haust-form. Dei to sigrane mot Selje og Polljen trur eg kretsen legg merke til, og gjev eine opprykks-plassen til Hornindal. Den andre går mest truleg til Polljen, fordi dei er det beste laget utanom HIL. Håvard Sollid: Jølster og Skavøypoll Jølster pga "lette" kampa og pga innstillinga deira. Dei kjempa bra og gjer alt (virka det som) Skavøypoll fordi dei burde vete ka som ska til og dei gjer nok alt for å returnere til 3 divisjon. Rasmus Gausemel: Skavøypoll og Jølster Skavøypoll fordi at eg trur dei er sterkast av topplaga, og eg trur dei kan klare 6 poeng i dei to siste serierundane.... åsso håpa eg dei rykke opp sia vi ha slått dei to gonga:D Jølster fordi dei har desidert "lettaste" programmet igjen. Det bør vere 6 poeng, og sia dei andre toppkandidatanespela mot kvarandre so trur eg Jølster klara det. Tippa 6 poeng til både Skavøypoll og Jølster. OC Georcelin: Skavøypoll rykker opp, d e i vert fall sikkert!!! so står d vell mellom Selje og Jølster... hata begge laga so vi satsa på at Sandane rykke opp!!!