HIL - Bremanger 1-2 (damer)

HIL sine damer tapte i dag 1-2 for Bremanger. Bremanger var det klart beste laget, men kampen kunne faktisk ha bikka i favør HIL. Bremanger hadde alt å tape i denne kampen og noko anna en 3 poeng ville vere katastrofe. Det merka vi tilgongs på oppførselen på sidelinja!!! Kampen var ikkje meir enn 40 sek når Ivrine kjem åleine gjennom. Skotfoten er ikkje med og det heile endar ganske so ufarleg. Deretter tar Bremanger over og dei har fleire stor sjansar. Anne Marte har ei kanonredning samt at Nathalie avvergar på strek. Så får Beate ballen og ho avsluttar, men ballen går i stonga. Litt seinare kombinerar Marie fint med Rosmari og det endar med eit innlegg til Ingrid. Ho headar ballen like over. Anne Marte(Bildet) og Nathalie var gode i mål i dag!!! Bremanger er det klart førande laget i 1.omg, men klarar ikkje å få meir enn 1 mål og dermed 0-1 til pause. Målet kjem etter ein corner som Ann Katrin Grotle headar klontant i mål. Ein veldig flott prestasjon. 2.omg er ikkje meir enn 2 min gamal når Bremanger sin overivrige trenar Magne Elde skulle hatt raudt kort. Når han kalla dommaren: "din forbanna ubruklige idiot". Men dommaren nøgde seg med tilsnakk. At dommaren ikkje hadde ein god dag på jobben kan so vere, men ein plass må grensa gå mister Elde. Magne Elde Malin Tomasgard Seljeset fekk i dag sin heimedebut for HIL: Ho fekk i oppgåve å vere frimerke på Bremanger sin kaptein Ann Kathrin Grotle, ei oppgåve Malin løyste med glans. Spelet bølgar fram og tilbake i heile omgongen. HIL har sine sjansar, mens Bremanger har sine. Kun Nathalie Heggen i mål hindrar Bremanger å auke leiinga. Ho har nokre suverene redningar i dag (og). I det 75 min krigar Ingrid inn utlikningsmålet for HIL. Ein uheldig Bremangerkeeper gjev retur og Ingrid er påpasseleg frampå og sende ballen i mål. Etter dette er begge lag farleg frampå, men ballen vil ikkje i mål. Bremanger sin spiss Lise Senneset burde ved eit par høve ha scora og Ingrid Maurset burde putta for HIL. I det 85 min får Bremanger frispark ute ved sidelinja. Lise Senneset legg eit hard og presist frispark inn framfor mål og ein sjanselaus HIL-spelar headar ballen i nett-taket når ho prøvar å klarere. Dermed 1-2 og Bremanger er i leiinga. Kampen ebbar ut og Bremanger tar 3 fortjente poeng. Kampfakta: HIL sitt lag: Anne Marte Espe Marie Ingeborg Espe Hilde Nordnes Linda Kristin Tomasgård Gunlaug Tenden Nathalie Heggen Beate Lødemel Rosmari Heggen Kristine Vartdal Ivrine Kristensen Ingrid Maurset Innbyttarar: Malin Tomasgard Seljeset Samuline Seljeset Marte Gausemel Randi Sollid Helene Maurset Terese Nygård Marie Ingeborg Espe har hatt ein bra sesong i år!! Bremanger: Gry L. Nagel Amanda Nesbakk Maria Bratseth Mona Nigardsøy Cathrin Honningsvåg Siri Haugland Hege Nygård Ann Kathrin Grotle Rikka Sande Lise Igland Senneset Ane Naustdal Innbyttarar: Marte Jørgensen Yngrid Grotle Annie Bratseth Mari Torvanger 0-1 Ann Kathrin Grotle 15min? 1-1 Ingrid Maurset 75min 1-2 Lise Senneset/Sjølmål 85min Dommar: Kathirave Gloriyan Sureskumar Gule kort: Siri Haugland (Bremanger)