Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL sine herrar fekk i dag besøk av Førde sine neste beste. Kampen gjekk på gamlebana som var litt prega av regnveiret som har vore siste månadane. Spelarar og dommar var klar til kamp. Dommar Erikstad hadde hjelp frå en (1!) linjedommar i kampen. Kvar den andre blei av veit vi ikkje, men truleg fann han ikkje "Old Riverside Stadium".
Førde kjem best i gong med kampen og pressar HIL bakover på bana. Førde skapar ikkje dei store sjansane, men har cornerar i fleng. Etter ca 20 min får Førde ei billeg straffe. Den set Ruben Holsæter sikkert i mål. Etter målet kjem HIL litt meir med i kampen, men ein må vel seie at litt mot speletsgong utliknar HIL. Anton Andre Sande blir fint spelt gjennom etter forarbeid av Eivind Grodås og Jan Erik Sandbakk.
Ein uoppmerksom fotograf fekk ikkje med målsituasjonen.
Førde er klart best i 1 omg, litt ubesluttsomt spel av HIL gjev Førde nokre skumle sjansar, men stillinga er 1-1 til pause.
2.omg er HIL det førande laget, men Førde er skumle på kontringar.
Ein god Sturla Iman i Førdeburet reddar Førde for eit større tap. Ved fleire høver har han nokre fantastisk redningar.
Jan Erik Sandbakk har ein skot/pasningsfot utan om det vanlege. Han sende m.a avgårde eit skot som keeper slo via tverrliggar og ut.
2-1 målet kjem etter corner. Nemte Jan Erik legg ein corner som Anton styre i mål. 2-1 til HIL!!!!
Etter målet held HIL fram med å presse, men Førde er som sagt skumle når dei kjem i angrep. Ved eit høve får dei gå rett gjennom HIL sitt forsvar og berre ei fantomredning av Ola Sætren gjer at HIL framleis leiar 2-1.
Kampen ebbar ut og HIL ror i land 3 nye poeng.
Kampfakta:
0-1 Ruben Holsæter (str)
1-1 Anton Andre Sande
2-1 Anton Andre Sande
HIL stilte med dette laget:
Ola Sætren
Tarjei Lødøen
Jan Rune Oppheim
Rasmus Gausemel
Andreas Drageset
Håvard Sollid
Morten Taraldset
Lars Ove Rake
Jan Erik Sandbakk
Anton Andre Sande
Eivind Grodås
Innbyttarar:
Frank Hool
Jan Azar Karadas
Kim Runar Heggen
Olav Otterdal
Førde:
Sturla Iman
Kenny Hoti
Ivan Dvergsdal
Steffen Fjørstad
Are Skodvin
Erik Skadal
Ruben Holsæter
Thomas Fjørstad
Lasse Øverlid
Tor Are Dvergsdal
Ken Thomas Kilnes
Innbyttarar:
Anders Engesæter
Øyvind Hellenes
Jon Arne Erikstad
Truls Bjørdal
Asbjørn Stigedal
Dommar:
Per Olav Erikstad (Jølster)
Linjedommar:
Raymond Niiranen (Breimsbygda)
Tilskodarar:
ca 50 stk (kontrolltalt av Steinar Bakka)
Anton Andre Sande er no toppscorar for HIL med 9 mål på 7 kampar. Han jobbar og krigar. Her i duell med Førdekeeper Sturla Iman.
|
|
|