Referat frå herrekampen Hornindal - Vik

Referat herrekampen Hornindal – Vik 23/9 – 07 lagoppstilling HIL: keeper: Ola Sætren Forsvar: Jan Rune Opheim, Martin Seljeset, Rasmus Gausemel, , Tarjei Lødøen. Midtbane: Håvard Sollid, Morten Taraldset, Jan Azar Karadas Angrep: Eivind Grodås, Frank Hool, Anton Sande. Reservar: Anders Elling Seljeset, Olav Otterdal, Per Otto Lien, (Krister Seljeset) Kampen blir mot normalt spela på Idrettsparken, den første i år for a-laget sin del. (? Trur eg) 1. omgong: Kampen starta 15:02, og det er god stemning i honndalsleiren. 4 min: Vik ropar høglydt på frispark, rett utan grunn, og dette var ikkje det siste vi skulle få høyre til keeperen til Vik, som var særs høgrøysta. - like etter får Håvard Sollid eit slag i ansiktet som fører til blødningar i ansiktet, han må ut på sidelinja for akutt førstehjelp frå Bakka, blir sendt ut på bana att, men blødningen stoppa ikkje der, Sollid kjem tilbake og får med seg ein bomullskladd innatt. 9 min: Frispark Vik, 20 meter, strauk stolpen. 14 min: Gjennomspel til Eivind, som set ballen til sida for keeper, i mål! 1-0 til Honndalen, stemninga i leiren stig, samtidig som det blir ny spenning i årets toppscorar-konkuranse, som Anton no ledar med eit lite mål. 20 min: Ein liten glipp i forsvaret til HIL fører tl at Vik får ein brukandes sjanse på mål. Reservekeeper Krister Seljeset kan rapportere om MINST 34 tilskodarar på idrettsparken i dag. Bra i høve været, som minner fint lite om delvis skya opphaldsvær. 24 min: Frank skyt rett utanfor mål. 26: Vik får eit skummelt skotforsøk, der ballen kryssar heiel feltet langs bakken, ogg rett til side for mål, på motsatt side. 27 min: Anton kjem seg forbi den siste av utespelarane, og har berre keeper att å forsere, men set ballen til sida for målet. 28 min: sitat Morten: ka du styra me!! ( til dommaren, som bles ein heilt korrekt offside) Er ikkje alltid like greit å følge reglane.. 33 min: Frispark til HIL i ein farleg posisjon, Morten ender av gårde ein susar av ein markkrypar, som går gjennom muren, (eller mellom, som Olav ville kalt det), under keeper og i mål!! Ei fantastisk flott scoring. Stillinga er 2-0 til heimelaget.. stemninga står i presenningstaket på benken. Hil fortsett denne perioden med mykje bra spel. 39 min: Hil angrep, kjem ut på sida og får lagt inn til Anton, som set ballen utanfor mål. 40 min: corner til Vik, Honndalen får ikkje klarert, og Vik får lagt returen inn i feltet, der ein stor Vik-spelar headar ballen i mål. Litt svikt i markeringane der. Stillinga held seg til andre omgong, men Hil skal vere glade for at ikkje vik kom nærmare i sluttminutta, då det såg ut til å ha rakna litt for heimelaget. Den svekka prestasjonsevna til Honndalen skyldast nok mykje den tjukke eimen av gamalost som etterkvart har lagt seg på stadion. 2. omgong 47 min: Vik startar omgongen best, og får ein halvsjanse som dei set over mål. 53 min: Anton forsøker ei heading mot mål frå 16 meter, dessverre utanfor. 57 min: Morten må ut på linja til ein lynoperasjon med eit gnagesår, men det skulle ikkje by på problem med Gunnar som operasjonsledar. Vi kan rapportere om ein vellykka operasjon, og ein Morten som fungerte utmerket like etter det 2 min lange oppholdet på sidelinja. 60 min: Vik har heva spelte sidan 1. omgong, og utgjer ein langt større trussel no. 65 min: Martin ”Rooney” Seljeset langar i veg ei kanon mot målet, gikk dessverre til sida. (komm. Gausemel: ”7 gonga til no, so har du det!” 66 min: Gult kort til Eivind, litt uforståeleg. 68 min: Martin får igjen utnytta sin eminente skotfot, denne gongen til ei heidundrandes kalrering. 70 min: This is really the Martin ”Rooney” Seljeset show, no er han på ferde i