Dale - HIL 3-1 (damer)

I eit ufyseleg regnveir på Dingemoen Kunstgras tapte HIL sitt damelag fortjent 3-1. Det var rett å slett utriveleg på Dingemoen i dag. Det regna vassrett og med tap vart dagen heil svart. Dale var klart best og hadde flest sjansar i kampen. Ser ein vekk frå ein periode på 15-20 min i 2 omg, var HIL ikkje på høgde med Dale. Dale tok leiinga etter 15 min ved Charlotte Bjørvik og etter 25 min auka dei til 2-0 ved Tuva Rivedal Tjugen. HIL hadde eit få tal sjansar i 1 omg. og dermed ei fortjent pauseleiing til heimelaget. I 2 omg er damene litt meir med og får ei redusering når Ivrine Kristensen driblar av eit par spelarar og skyt mot mål. Ballen går i mål ved god hjelp av ein Dalespelar(sjølmål). I denne perioden av kampen er HIL det førande laget og med litt meir hell kunne ein fort putta eit mål eller to til, men det ville ikkje vore rettferdig. Uansett so scorar Dale ein gong til og nok ein gong er Charlotte Bjørvik frampå og dermed 3-1 til heimelaget. Nathalie Heggen (bilde) i HIL sitt mål hindrar i dag at HIL går på eit større tap. Ho varta opp med 3-4 redningar som er heilt fantastiske. Eg skjønna ikkje enda at det er mulig;) Flott jobba Nathalie!!! Kampfakta: 1-0 Charlotte Bjørvik 2-0 Tuva Rivedal Tjugen 2-1 Sjølmål 3-1 Charlotte Bjørvik HIL: Nathalie Heggen Marie Ingeborg Espe Hilde Nordnes Linda Kristin Tomasgård Gunlaug Tenden Terese Nygård Beate Lødemel Rosmari Heggen Randi Sollid Ivrine Kristensen Ingrid Maurset Innbyttarar: Marte Gausemel Helene Maurset Samuline Seljeset Dale: Marte Kjosaas Cathrine Haugen Malin Frøholm Marie Sjølingstad Kristin Hofland Inga Haaland Charlotte Bjørvik Anne Nicoline Bakkebø Julie Einen Malin Vik Camilla Stenseth Innbyttarar: Karina Vik Tuva R Tjugen Marta Kleiven Malin Haugen Dommar: Magne Vårdal, Askvoll/Holmedal Vi gratulerar Dalespelarane og trenar Kent Stølen med ein velfortjent siger.