Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Kilde:Fjordingen.
Honndalscupen er som kjent ei turnering med sjel og gode tradisjonar.
I år vart dessverre ikkje den avvikla, men vi vonar å kome sterkt tilbake neste år.
På dette bildet er dei som bidrog til at Honndalen vann si eiga turnering i 1976.
Bak frå venstre: UK-sjef Ola Hessholm, Njål Lødemel, Ottar Lødemel, Håkon Raftevold, Bjørn Lødemel, Lars Arne Haugen, Ståle Hatlelid, Nils Haugen, Rune Hatlelid, Rolf Taraldset og Mattis Lunde.
Framme frå venstre: Bottolf Grodås, Magnar Lødemel, Arne Bruheim, Geir Haugen, Arild Seljeset og Lars Dybevold.
I 1976 var desse laga med: Fart, Stryn, Sæbø og HIL.
Innleiande kampar:
HIL - Sæbø 3-0 (0-0)
1-0 Njål Lødemel, ei kanon frå 20 meter.
2-0 Njål Lødemel
3-0 Ottar Lødemel
Fart - Stryn 3-1 (0-0)
Rune Tonning scora Stryn sitt mål når han reduserte til 2-1. Målet vart også karakterisert som årets mål på Hornindal Stadion, eit brassespark frå 16 meter.
Bronsefinale:
Stryn - Sæbø 2-2 5-3 på straffespark.
1-0 Andreas Vik
2-0 Andreas Vik
2-1
2-2
Arne Hool bomma på straffespark like før fulltid, og dermed måtte kampen avgjerast på straffespark. Desse 5 tok straffespark for Stryn: Odd Hoel, Rune Tonning, Arne Øvreberg, Andreas Vik og Arne Hoel.
Keeper Jan Aabrekk redda to straffespark og dermed vann Stryn bronsefinlaen 5-3.
Finalen:
I finalen møtte HIL gjestene Fart frå Hedmark.
Omlag 500 personar såg finalekampen. Den var den beste kampen i turneringa.
HIL - Fart 3-1
1-0 Njål Lødemel
1-1 Straffe
2-1 Ståle Hatlelid
3-1 Ståle Hatlelid
Nytt i 1976 var kåring av turneringas beste spelar.
Ottar Lødemel fekk prisen, og vart dermed den fyrste til å bli kåra til turneringas beste spelar i Honndalscupen si historie. |
|
|