Visste du at? Del6

Kilde: Fjordingen HIL har gode tradisjonar også når det gjeld jente/damefotball. Fleire gongar har lag frå HIL blitt kretsmeistarar innan jente/damefotball. Oppstarten av jentefotballen i Honndalen skriv seg tilbake til 1983 og HIL sitt jentelag vann like godt Fj-CupEN dette året. Dette var fyrste året Fjording-cupen vart arrangert med reine jentelag. I finalen vann dei 2-0 over Styrk (Vikane). Britt Tomasgard og Anne Otterdal scora måla. Bak frå venstre: Bodil Sætren, Liv Kari Holmøy, Irene Lillestøl, Elisabeth Haugen, Siv Øen, Reidunn Otterdal, Anne Otterdal og Tove Taraldset. Framme frå venstre: Åse Støverstein, Britt Tomasgard, Åse Merethe Espe, Jannik Salvesen, Wenche Haugen, Stine Grodås og Gunnvor Bakke.