Visste du at? Del8

HIL har långe tradisjonar med fotball. I ei bygd med 1200 innbyggjarar er det ikkje sjølvsagt at ein skal ha ein aktiv og oppegåande fotballklubb. I sesongen 2007 har HIL-fotball med stort og smått ca 200 aktive spelarar i ulike lag. Månge personar legg eller har lagt ned ein uvurderleg innsats for at Honndalsfotballen skal fungere. Her ser de HIL sitt småguttelag ein gong på slutten av 80 eller begyndelsen av 90 talet. Bak frå venstre: Nils Haugen,Knut Ove Rygg, Jostein Nygård, Knut Henning Hjellbakk, Halldor Hove, Rasmus Bakke, Mads Holvik og Stig Olav Lødemel. Framme frå venstre:Kjell Arne Vartdal, Jan Rune Oppheim, Jarle Lødemel, Ole Christian Haugen og Kjell Inge Flåm.