Eivind på samling med dei beste!!!

HIL-fotball sin talentfulle 17-åring, Eivind Grodås har vore på samling i Sogndal i lag med dei som for tida vert sett på som dei mest talentfulle innan juniorfotballen i fylket. Samling vart avslutta med ein treningskamp mot Fjøra sitt 3.divisjonslag. Kampen vann juniorane 2-1.Eivind scora sigersmålet. Han kom inn som innbyttar og spelte heile 2.omg. Eivind seie at det var høgt nivå og utrulig kjekt å vere med på dette. Om han kjem gjennom nålauge so ventar Color Line Cup og spel mot juniorlaga til bla. Rosenborg, Lyn Aafk mfl. Samlinga i går er legg mykje av grunnlaget for uttak til eit forsterka Sogndalslag som skal delta på juniorturneringa Color Line Cup i Ålesund over nyttår. Eivind var i utgongspunktet ikkje kalla inn til turneringa, men vart kalla i forrige veke. Vi i HIL-Fotball ynskjer kryssar fingrane for at Eivind får sjansen til å vise seg fram i Color Line Cup.