Eivind Grodås utteken til Color Line Cup 2008!!!!

I dag fekk HIL-Fotball og Eivind Grodås den glad meldinga vi har venta på. Eivind er nemleg ein av 18 spelarar som skal representere Sogndal sitt juniorlag i eliteturneringa Color Line Cup i Ålesund 16-20 januar.

 

Oddbjørn Skartun  Sogndal		
Ivar Løvik	  Sogndal
Daniel Fylling	  Sogndal		
Even Hovland	  Sogndal
Per Egil Flo      Sogndal		
Kristian F Opseth Kaupanger
Karl Edvin Lysne  Sogndal 		
Gisle Myhre  	  TMFK
Ole M Solberg	  Sogndal		
Alexander P Øren  Høyang
Thomas Ness	  Sogndal		
Thomas Starheim	  Eid
Gøran Wigum	  Sogndal		
Jon E Myhre	  Sogndal
Sander Solvik	  Førde   		
Eivind Grodås	  Hornindal
Rune Myklebust	  Stryn			
Lasse O Pedersen  Florø	



Ole Hjelmhaug og Torbjørn Glomnes skal halde kontroll på laget unde turneringa.


16/1 Molde-Sogndal kl 1800   
17/1 Sogndal-Brann kl 1600 
18/1 Trening Sunnmørsh. kl 1000   
19/1 Lyn – Sogndal kl 1600	
20/1  Plasseringskamp kl ????
Eivind har dette å seie om uttaket: Det kjem til å bli utruleg kjekt å få vere med på dette, som sagt so er det veldig mange kjekke juniorar som er med, både på og utanfor bana. Eg forventar ikkje å få spele 90 minutt av ein kamp. Men når eg først får sjansen, skal eg gjere det eg kan får å få vise meg fram. Som det står på heimesida, skal vi spele mot lag som Brann, Molde og Lyn. Kjem vi vidare blir det mot nokon av desse laga; Aafk, Fc Midtjylland, Rosenborg eller Vålerenga. Det er meget kult å få vere med på dette, for å få kunne sjå nivået til andre juniorlag og spelarar rundt om i Norge. Eg gler meg! Vi i HIL-Fotball gratulerar so mykje og håpar både han og resten av laget får ei god turnering.