I dag signerte Kristoffer Grodås og Sindre Fannemel ny kontakt med HIL. Den høgtidlege signeringa fann stad på kontoret til sportslegleiar Steinar Bakka. Kristoffer og Sindre er klar for ny trofejakt med HIL. Begge kontraktene strekke seg over 2 år. Kristoffer har sidan han spelte for Stryn i 2005 vore plaga med eit kne, men han reknar med at han skal vere klar til seriestart. Sindre som er en del av den gyldne 86-årgongen har dei siste sesongane vore lite disponibel pga militæret og skule, men no blir det altso andre bollar;) Her er Kristoffer i ferd med å signere kontrakta. Sindre med fullt fokus på pennen. Både han og Sindre bur og studerar i Bergen, og begge er innstilde på å sette seg i bilen kvar helg for å kome heim å spele for HIL sitt herrelag. Dette vil utan tvil vere ei stor styrke for HIL i sesongen som kjem. HIL vil no få på plass ein klubb dei kan trene med i Bergensområdet. Samstundes held styret med å jobbe for å få til seg fleire spelarar. Fleire glimt frå den høgtidlege signeringa i dag.