Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Til dei som har fått med seg gårsdagens artikkel i Firda, samt artikkel på Førde sine heimesider så kan eg meddele at dette ikkje er riktig. Endre har ikkje signert kontrakt med Førde og Hornindal er fortsatt den einaste klubben som har ei SIGNERT kontrakt med Endre Lødemel som strekk seg til 2009. Det at Førde gratulerar seg sjølve på eiga heimeside med signeringa av Endre Lødemel kaller eg å "selge skinnet før bjønnen e skoten". Ei sak er at Endre har signalisert at han kan tenkje seg å spele for Førde ei anna sak er forhandlingar mellom Førde og Hornindal. Beit meg og merke i kommentaren til "Kelly" som viste stor glede i Firda sin artikkel over å ha svekt Stryn. Reknar med at dette var ein porsjon dårleg humor då vi i Hornindal slett ikkje ønskjer å svekke Stryn. Det var vel litt bomskot frå sportsleg team i Førde om ein spelar som slett ikkje er speleklar for Førde fotball. Ellers ønskjer eg alle fotballvener ei riktig god jul og eit godt nyttår. Ser med glede fram til neste års sesong der eg er sikker på at Hornindal skal bite godt frå seg både på herre og damesida. |
|
|