Kabelen lagt for damelaget!!

Etter ei tids jobbing er endeleg kabalen so godt som lagd for dei viktigaste funksjonane rundt damene. Maria Renate Lødemel har takka ja til å vere hovudtrenar i sesongen 2008. Maria får med seg Marie Ingeborg Espe som spelande trenar , Randi Muldsvor som hjelpetrenar og Sveinung Gausemel som "back up trenar". Dette er ei løysing som vi i Honndalsfotballen er veldig godt fornøgde med. Vi skal no ha på plass en oppmann slik at Maria&co får den hjelpa dei trenge. Dei nærmaste dagane kjem vi til å signere ein del spelarar slik at stallen på damelaget vert på godt over 20 spelarar. Ikkje alle spelarane vil vere disponible til kvar kamp og dermed er det viktig å ha ein stor stall.