Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Det nærmar seg eliteturneringa Color Line Cup i Ålesund. Eivind Grodås er som kjent teken ut til å vere med på Sogndal Fotball sitt forsterka juniorlag.
Eivind har sendt oss følgande med tanke på den komande turneringa:
Det nærmar seg Color Line Cup. Dessverre har eg ikkje fått trena så mykje no før cupen på grunn av en forkjølelse, men eg var på trening med hornindal på onsdag og med stryn på fredag, der eg synst det gjekk meget bra.
Vi reiser med buss til Ålesund på onsdag, og spelar vår første kamp allereie kl 18.00 samme dag. Som sagt før forventar eg ikkje mykje speletid, men eg håpar eg får tid nok til å vise kva eg kan.
Men ellers trur eg at dette kjem til å bli ein kjempe opplevelse. Eg har dyktige spelarar og ein dyktig trenar ved min side, og eg trur eg kjem til å lære mykje av dei...
Vi i HIL-Fotball kryssar fingrane for at Eivind unngår skader og får en del speletid i turneringa. Samstundes ynskje vi han mykje lukke til;)
Underteikna tek kanskje turen til Ålesund på torsdag for å sjå oppgjeret Brann - Sogndal kl.16.00 og få knipsa nokre bilde av Eivind&co.
|
|
|