Samarbeidet er i gong!!!

Som eit ledd i samarbeidet mellom Vikane, Oppstryn, Loen og HIL er felles fotballtreningar prov på dette. Klubbane i lag har leigd seg inn på Eid Idrettspark for å kome seg ut og få skikkelig kvalitet på treningane. Det er bra at vi kan samarbeide i staden for at vi som enkelt klubb skal slite med lite folk på trening. Førstkommande søndag 17.februar frå 16.00 til 18.00 blir den aller fyrste sjansen. Då har vi i fellesskap tilgang til garderobar og full krøllgrasbane på Nordfjordeid. Vidare framover har vi desse tidspunkta: 24.februar: kl.16-18 9.mars: kl.16-18 16.mars: kl.12-16 6.april: kl.17-20 Vi går ut med sms til alle spelarane og samordnar skyss internt og evt i lag med dei andre klubbane.