Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL tapte årets fyrste kamp 2-1 mot 4 divisjonslaget Vartdal frå Sunnmøre.
Kampen sett under ett so vart det eit fortjent tap.
HIL stilte til kamp med eit ungt lag i dag. Even Lødemel fekk sin debut på seniornivå for HIL.
Dei fyrste minutta av kampen styrte Vartdal og pressa. So kom Eivind åleine gjennom, men vart felt då han hadde open veg mot mål. Frisparket sette Marius Grodås i muren.
Etter dette går kampen att og fram. Begge lag har gode sjansar. Vartdal har dei største. So i det 31 min scorar Markus Dimmestøl og Vartdal leiar 1-0. Som også er stillinga til pause. Allereide i 1 omg gjer HIL 3 bytte. Ut går Anders, Even og Olav. Inn kom Kim Runar, Kjetil og Kristian.
Når 2 omg startar er også spelande trenar Morten Taraldset komen på bana. Starten av 2 omg er lik starten på 1 omg. Vartdal pressar litt før HIL kjem inn i kampen igjen. Krister reddar HIL ved eit par høve. Eine gongen ved god hjelp av Martin som reddar på strek.
So i det 65 min er det klart for utlikning til 1-1. Dette kjem på eit sjølmål av Leidulf Liadal med "assist" frå Marius Grodås. Etter dette jyngar kampen igjen.
"Per Otto sit på benken og påstår at Håvard ha ete for mykje pølse m/brød på jobb i dag for han virka litt slakk. Han trur det kan vere snakk om en rollerburger og. Like etter denne spekuleringa må Per Otto på bana igjen når Eivind må kaste inn handklede".
So like før slutt scorar Vartdal sigersmålet. Og sikrar seg ein smule fortjent siger.
Kampen kunne som sagt bikka begge vega i dag om HIL hadde sett sjansane, men kan takke ein god og heldig keeper for at tapet ikkje vart større.
Krister Seljeset gjorde sine saker bra i dag.
Krister Seljeset
Eit stort skår i gleda med å spele fotballkampar igjen er at Eivind Grodås vart skada i dagens kamp. Vi kryssar fingrane for at det ikkje er noko gale. Slik det ser ut so er han tilbake om 14 dagar.
Bak frå venstre: Per Otto; Eivind, Håvard, Even, Rasmus og Anders Elling.
Framme frå venstre: Olav, Martin, Krister, Marius og Tarjei.
Dette var ei god gjennomkøyring. Vi er no komt i gong med kamptreninga og skal bli godt klar til seriestart 13 april.
Neste treningskamp er mot Haugen på Eid Idrettspark fredag 29 februar.
Kampfakta:
0-1 Markus Dimmestøl (31 min)
1-1 Sjølmål, Leidulf Liadal (65 min)
1-2 Markus Dimmestøl (88 min)
HIL starta med dette laget:
Krister Seljeset
Per Otto Lien
Rasmus Gausemel
Even Lødemel
Martin Seljeset
Tarjei Lødøen
Håvard Sollid
Marius Grodås
Olav Otterdal
Eivind Grodås
Anders Elling Kristensen
Benken
Kim Runar Heggen
Kjetil Svarstad
Kristian Haugen
Morten Taraldset
Vartdal starta med desse 11:
Allan Kjærbech
Stian Volle
Petter Ove Sæbø
Leidulf Liadal
Kristoffer Fiksdal
Geir Arne Kaspersen
Kristoffer Dahle
Terje Kaspersen
Kenneth Holsæter
Nils Dragnes
Markus Dimmestøl
Benken
Thomas Sæbø
Tore Andre Dypbukt
Thomas Vartdal
Jarl Vinjevoll
Joakim Vartdal
Rune Dimmestøl
Kampens dommar: Stian Aaland, Haugen.
HIL-Fotball takkar Vartdal Fotball og dommaren for kampen og ønsker begge lukke til med sesongen 2008. |
|
|