Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Eit sterkt redusert herrelag vann i kveld 6-2 over Haugen. Herrelaget har denne helga treningssamling, men sleit med å stille lag til denne kampen!!?
Lars Ove Rake, Andre Haugen, Per Otto Lien, Jan Rune Oppheim, Kristoffer Grodås, Eivind Grodås, Ole Christian Nygård, Håvard Maurset, Krister Seljeset og Kjetil Svarstad (mulig eg ha gløymt nokon) var alle av ulike årsaker ikkje disponible for kamp og situasjonen vart ikkje betre når Sindre Fannemel og Rasmus Gausemel i løpet av siste timane før kampen kasta inn handkledet pga sjukdom.
I dag hadde vi med 3 spelarar frå Stryn til kampen. Håvard Veka, Morten Sanden(keeper) og Sondre Jensen. Desse klarte seg bra i følge trenar Morten Taraldset. Morten var godt nøgd med resultatet, men seie at vi har mykje å gå på spelemessig både når det gjeld pasningskvalitet og tempo. Dette kjem med meir kamptrening.
HIL starta slik:
(4-3-3)
Morten Sanden
Anders Elling Kristensen
Even Lødemel
Håvard Veka
Martin Seljeset
Sondre Jensen
Kristian Haugen
Olav Otterdal
Tarjei Lødøen
Morten Taraldset
Håvard Sollid
Benken:
Kim Runar Heggen
Eivind Kongsvik
Målscorar for HIL var:
Tarjei Lødøen (3)
Håvard Sollid (2)
Eivind Kongsvik
HIL leda 2-1 til pause.
Alt om kampen kan du sikkert etterkvart lese på Haugenfotball.no
Vi i HIL-Fotball takkar Haugen Fotball og dommar Rune Haugland for kampen. |
|
|