Harald tek eit par sesongar til

Då er det på ny kome ei helsing frå Harald Lødemel. Som de har lese på sida so har han stilt seg til disposisjon for Årdal FK frå sommaren av. Harald har som kjent hatt ei lång og innhaldsrik karriere og ringen er på månge måta slutta no når han kjem til Sogn igjen. Sjølv om vi gjerne skulle sett Harald i Honndalen igjen so skjønnar vi at Sogn og Årdal vert prioritert. Vi ynskjer Harald&familien lukke til i Sogn. Hei! Her kjem ei lita helsing frå Raufoss. Eg går no inn i min sjuande sesong her på toten. Klubben ligg litt nede etter tvangsnedflyttinga i vinter. Dei sportslege kriteria vart ikkje lagt til grunn då profflisensnemda valgte å flytte klubben ned til 2.divisjon. For dårlege stadionfasilitetar og ikkje oppfyllte krav til økonomi gjorde at ein vart kasta ut av Adecco-ligaen. Det kan verke litt rart at dei sportslige resultata ikkje skal vere avgjerande for opprykk og nedrykk, men slik er det blitt.. Ser at heimfylket sitt eige flaggskip og er i økonomiske problem. Sogndal har i iveren etter å bygge nytt stadion fått kraftige underskot, som på sikt vil kunne gje dei eit likviditetsproblem. Eg kryssar fingrane og håpar det ordnar seg. Her på Raufoss er det meste usikkert pr. dags dato. Klubben prøvar å ordne opp i gammal moro, samstundes som at dei prøvar å skape ei plattform for vidare satsning. Ein del spelarar har reist, men vi har framleis ein svært god spelartropp, sjølv om vi er marginale på antall. Korleis satsninga blir i år er vanskeleg å seie noko om. Klubben er i dialog med investorar for å kunne oppretthalde satsinga. Men den største utfordringa for klubben er utbygging av eige stadion. Ein kan faktisk risikere at ein vinn serien men ikkje får rykke opp fordi ein manglar stadion som blir godkjent for spel i 1.divisjon. Vi har heller ikkje ansatt trenar. Klubben tør ikkje å ta på seg nye kostnadar før ein veit kva slags rammer ein har å forholde seg til. Tidlegare trenar Oppjordsmoen leiar treningane fram til ein endeleg ansettelse blir gjort. Som dokke forstår er det ikkje heilt enkelt her borte no, men ein håpar at ting er på plass i løpet av ei veke eller to. Sportsleg har vi gode resultat så langt i vinter. Har bla. spelt tre kampar mot 1. div. lag og slått Nybergsund 3-0, spelt 1-1 mot Hønefoss og 3-3 mot Sandefjord. Eg har valgt å skrive kontrakt i klubben fram til 1. august. Frå sommaren av vil eg og familien flytte vestover. Det ser ut til at vi endar i Årdal der sambuaren min er ifrå. Det er nokre detaljar rundt arbeid og hus som må klarerast før alt er klart, men intensjonen er at vi flyttar dit. Eg kjem nok til å ta eit par sesongar for Årdal FK før eg gjer meg som aktiv. Det vil og bli ein heilt annan reiseavstand heim til Honndalen ved ei flytting til Sogn, det å kome oftare heim er noko som eg virkeleg ser fram til. Ellers følge eg godt med på honndals-fotballen og ser at det vekse og gror. Lykke til med sesongen! Harald.