Før kampen mot Stranda

Allereide i morgon er det som kjent ny treningskamp for herrelaget. Denne gongen er det Stranda som står på motsett banehalvdel. Stranda skal også i år spele i 4 divisjon på Sunnmøre. I fjor var det målforskjellen som avgjorde at opprykket glapp. Stranda scora ett fattig mål for lite. HIL har mykje tøffare motstand i vente i morgon enn vi fekk mot Sunnylven i gårsdagens kamp. Dessuten kan Stranda vente seg tøffare motstand enn det Sunnylven fekk;) Denne kampen skulle vere den fyrste store testen for eit fulltalli Honndalslag, men pga sjukdom og skader so manglar vi en del sentrale spelarar også i morgon. HIL har desse spelarane disponible i morgon: Anders Elling Kristensen Jan Rune Oppheim Håvard Maurset Martin Seljeset Kristian Haugen Ole Christian Nygård Håvard Sollid Sondre Jensen Tarjei Lødøen Morten Taraldset Olav Otterdal Lars Ove Rake Rasmus Gausemel Eivind Kongsvik Jan Erik Sandbakk Kristoffer Grodås, Sindre Fannemel, Kjetil Svarstad er alle "bortebuarar" og uaktuelle til kampen i morgon pga sjukdom. Dette er veldig uheldig med tanke på at denne kampen er viktig for dei og oss for å sjå kva form dei er i no når det er unde månaden igjen til seriestart. I tillegg manglar vi Per Otto Lien(jobb)Even Lødemel(teorikurs) Andre Haugen (Marokko),Kim Runar Heggen og Eivind Grodås pga skade. Vi i HIL-Fotball ynskje herrane lukke til med kampen.