Stranda - HIL 9-5 (herrar)

Herrelaget tapte i kveld heile 9-5 mot Stranda. Kampen vart spelt på ei flott kunstgrasbane på Stranda. Kampen starta bra for HIL sitt lag. Lars Ove Rake sende HIL i leiinga etter ca 10 min. Dei fyrste 20 min var HIL det førande laget, men etter dette tok Stranda over kampen og køyrde regelrett over eit utspelt HIL. Stranda kom til utruleg månge sjansa. HIL sine backar vart svimle i periodar, 3 mål av Kato Vangen sikra 3-1 leiing til Stranda til pause. I pausen omrokkerte HIL på laget og la om frå 4-3-3 til 4-4-2 noko som må seiast å vere eit vellukka trekk. HIL er mykje meir med i denne omgongen og spelar til tider Stranda heilt ut. HIL er med til stillinga 5-5. I staden for at HIL puttar 6-5 målet på ein gedigens sjanse so kontrar Stranda og scora 6-5 målet. Deretter reise Stranda i frå og vinn ein komfortabel 9-5 siger. Det mest gledlige med kampen er at HIL sine spelarar ikkje gjev opp sjølv om måla "renn" inn. Beklager Kristian og Anders, men når vi får Kristoffer på plass i mål blir det forhåpentligvis færre baklengsmål;) Uansett, sett ut frå antall mål so må vi vel seie at Kristian var ein dobbelt so go elle halva so dårleg keeper som Anders. Begge gjorde en bra jobb og kan ikkje lastast for alle måla;) Kampfakta: Stranda - HIL 9-5 (3-1) 0-1 Lars Ove Rake 1-1 Kato Vangen 2-1 Kato Vangen 3-1 Kato Vangen 3-2 Morten Taraldset 4-2 Ivar Krohn 4-3 Lars Ove Rake 4-4 Lars Ove Rake 5-4 Kato Vangen 5-5 Håvard Sollid 6-5 Ronnie Furset 7-5 Ronnie Furset 8-5 Kato Vangen 9-5 Fredrik Sve HIL stilte med dette laget: Kristian Brynestad Anders Elling Kristensen Rasmus Gausemel Håvard Sollid Morten Taraldset Kristian Haugen Sondre Jensen Jan Erik Sandbakk Håvard Sollid Lars Ove Rake Ole Christian Nygård Benken: Martin Seljeset Kim Runar Heggen Stranda sitt lag: Thomas Hove Thomas Roset Kim Vangen Endre Kjølås Erlend Langlo Gunnar Espelund Kristian Smoge Kristian Malmo Kent Vad Ronnie Furset Kato Vangen Benken: Bjørnar Hole Fredrik Sve Ivar Krohn Lars Opsvik Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven HIL-Fotball takkar Stranda Fotball og dommar Hjelle og ønske begge lukke til med sesongen.