Før kampen Ørsta - HIL (herrar)

I morgon spelar HIL etter alt å dømme sin siste seriekamp før alvoret startar i Årdal 13 april. Denne gong er det Ørsta som står på motsatt halv del. Ørsta har hatt ei flott sesongoppkøyring der dei mellomanna har vunne 5-3 mot Stryn. So det vert tøff motstand for HIL sitt litt reduserte lag. Kampen går på kunstgras i Ørsta kl.15.00. Heller ikkje til denne kampen mønstra HIL sitt sterkaste mannskap. Lars Ove, Anton, Kristoffer, Sindre og Håvard M er alle uaktuelle til kampen i morgon. HIL har dermed desse spelarane disponible: Anders Elling Kristensen Andre Haugen Even Lødemel Håvard Sollid Jan Erik Sandbakk Jan Rune Oppheim Kim Runar Heggen Krister Seljeset Kristian Haugen Martin Seljeset Morten Taraldset Olav Otterdal Per Otto Lien Rasmus Gausemel Sondre Jensen Tarjei Lødøen Denne gjengen startar med ei lett trening i Honndalen laurdagmorning. Samt fotografering, mat, spelarmøte ++ før avreise til Ørsta kl.12.45. Vi håpar Morten og gjengen får eit godt utbytte av kampen i morgon slik at vi står enda betre rusta når serien startar.