Frank Hool tilbake til Stryn

Frank Hool har bestemt seg for å gå tilbake til Stryn framfor denne sesongen. Dette tykkjer vi i HIL er synd, men vi forstår Frank sitt val. I forbindelse med overgongen har vi stilt Frank nokre spørsmål. 1. Kva er grunnen til at no forlet HIL? Eg har hatt ein prat med Stryn sin trenar Jon Terje Tjellaug, der han forklarte meg at Stryn ville ha meg tilbake. Samtidig er treningstider m.m. lagt opp slik at det no er lettare for ein småbarnspappa å henge med. Dette gjorde at eg forlet HIL, og spelar for Stryn i 2008. 2. Korleis har tida i HIL vore? Eg har no spelt to sesongar for HIL, og det har vore moro frå første dag. Ein flott gjeng, med kjekke karar og mykje talent. Eg vil absolutt anbefale andre stryningar å spele for HIL. Resultatmessig føler eg vi ikkje har fått max uttelling, for HIL har potensiale til å ligge i toppsjiktet av 4. divisjon. 3. Kva "enkle" grep kan HIL gjere fo å bli betre? Eg meiner som sagt at HIL er gode nok til å ligge på øvre halvdel av tabellen i 4. divisjon. Spelemessig har vi alltid vore minst like gode som topplaga i divisjonen, men vi har rota vekk poeng mot lag som vi burde slått. Ein noko meir tydeleg spelestil, og betre innstilling under kamp kan utgjere mange poeng for HIL i løpet av en sesong. Når det er kamp, må samtlege jobbe i lag for å vinne. Då hjelp det ikkje å klage på dommarar, motspelarar eller medspelarar. Dette bidreg til å bryte ned laget, og gjer det svært vanskeleg å vinne kampar. 4. Kva trur du om Stryn sine sjansar i årets 3 divisjon? Eg er rimeleg sikker på at Stryn vil bli betre plasseringsmessig enn i fjor, då det vart 4. plass. Ein plass på pallen bør det bli, og eg ser ikkje vekk frå at Årdal, Førde og Stryn kjem til å kjempe om dei tre første plassane. 5. Kva trur du om HIL sine sjansar i årets 4 divisjon? I år blir ein god HIL-sesong! Eg trur at HIL blir meir stabile i år, og til slutt vil plassere seg på øvre halvdel av tabellen. Om Edvin Haugen stiller i midtforsvaret er det mulig HIL kjem til å lukte på opprykk. 6. Får vi sjå Frank Hool i Honndalsdrakt seinare? Det skal du ikkje sjå vekk frå. Eg har hatt ei fin tid i HIL, og det kan godt hende eg ein dag står på døra til Steinar "Laksen" Bakka om masar meg til ein overgang til HIL igjen. Til slutt vil eg takke for to fine sesongar i HIL, og ønske Steinar, Gunnar, Morten og alle i spelargruppa lukke til med sesongen 2008! Lykke til Frank, håpar sesongen blir bra både for deg og Stryn!!! Dette får vi neppe oppleve mykje av i åretssesong.