Visste du at? Del 11

Honndalscupen er ei turnering med lång og klingande historie. Den starta truleg rundt 1933 og er dermed den eldste fotballturneringa på vestlandet (seiest det). Både flatene på Ytrehorn, Fura, gamlebana og idrettsparken har vore kamparena for cupen oppgjennom tidene. Mulig her er andre stadar i bygda kampane har blitt avvikla også. Underteikna har som kjent greve litt i arkivet til Fjordingen og har funne mykje fakta om denne tureneringa, men eg har langt frå funne halv parten. Her kjem litt om turneringa frå eit år i litt nyare tid. Dessverre har ikkje turneringa hatt same status dei siste 10-15 åra som feks på 70-talet då det ikkje va uvanleg med 500-600 tilskodarar på ein finaledag. KILDE: Fjordingen HONNDALSCUPEN 1989 Deltakande lag: Stranda, Nordre Land, Sunnylven og Hornindal Innleiande kampar Stranda – Nordre Land 6-1 (3-0) 1-0 Jarle Myking 2-0 Geir Koppang 3-0 Robert Løken 4-0 Jarle Myking 5-0 Jens Arve Forbod 5-1 Kjetil Hagen 6-1 Robert Løken Hornindal – Sunnylven 2-1 (0-0) 1-0 Gunnar Grodås (straffe) 2-0 Knut Jarle Kroken 2-1 Sindre Hole Bronsefinale Nordre Land – Sunnylven 6-1 1-0 Terje Strømsjordet 2-0 Arne E Rosenberg 3-0 Kjetil Hagen 4-0 Arne E Rosenberg 4-1 Arne Storstein 5-1 Arne E Rosenberg 6-1 Rune Guldbransen Finale Hornindal – Stranda 1-1 (0-1) 1-0 Karl M Hjelle 1-1 Gunnar Grodås Hornindal vann 3-0 på straffespark. Oddvar Espe, Gunnar Grodås og Robin Grodås scora for HIL. Stranda stilte som store favorittar før finalen, men ut i frå spel og sjansar var det ingenting å seie på at HIL vann finalen. Robin Grodås vart kåra til turneringas beste spelar. Bak frå venstre: Lars Alv Haugen, Magne Øen, Even Kroken, Rune Haugen, Guttorm Sæbø, Reidar Jarle Støverstein og Knut Jarle Kroken. Framme frå venstre: Roy Ove Espe, Oddvar Espe, Jon Rasmus Sæbø, Robin Grodås, Stig Sandvik og Gunnar Grodås. Dommarar i turneringa var: Ola Aarheim, Stryn Roald Halsør, Selje Reidar Vonheim, Stårheim Lars Taraldset, Hornindal Publikum: Begge dagar var det over 200 tilskodarar.