Kampen vart spelt på Stryn Stadion, kunstgrasbana, i nydeleg solskin og litt vind.
Dommar: Tarjei A. Lødøen
Kort: Hadde ikkje med
Publikumsanslag: 15, 5 – 20 + ei dukke
Målscorarar:
0-1 Ukjent
1-1 Rosmari Heggen
2-1 Hanna Tenden
Hornindal sitt lag:
Keeper: Line Romsøe
Forsvar: Beate Lødemel, Linda Kristin Tomasgård, Elise Bødal, Samuline Beate Seljeset
Er usikker på resten av oppstillinga, men desse var med: Hanna Tenden, Marie Ingeborg Espe, Rosmari Heggen, Malin Renate Seljeset, Mariell Nesje, Ann Kathrin Halstensen, Marthe Gausemel, Ivrine Kristensen.
Kampstart: kl 11.05
5 min: dei føste 5 minutta har Hornindal god kontroll, utan dei store sjansane.
9 min: Ivrine må kaste inn handkleet på grunn av sjukdom og pusteproblem.
10 min: ! 0-1 Breimsbygda går i ledelsen, der dei scorar på sin første sjanse med ein av sine raske spissar. Kan bli farleg utover i kampen.
Etter scoringa tar Breimsbygda ei stund føringa i kampen, og får raskt ein ny sjanse, men Line får klarert ballen.
15 min: Hornindal rullar fram, Marie kaprar ballen på midtbana, sentrar til Hanna som legg tilbake til Ingrid, ho tek ned ballen og får til eit bra skot, men ein spelar frå Breimsbygda kjem dessverre mellom ballen og målet. God sjanse.
18 min: Hil pressar bra no, resulterar i corner, som blir lagt fint framfor mål. Ei heading treff nok ein gong ein spelar frå Breimsbygda.
20 min: Ein feilaktig dømd offside favør Hil, kunne blitt ein god moglegheit for Breimsbygda. Men det er ikkje lett å avgjere for den eine dommaren, som har gjort ein god kamp.
25 min: Malin i fint driv fram på høgrekanten. Får lagt eit fint innlegg, men dessverre før keeper plukka opp ballen ganske lett.
30 min: Breimsbygda får frispark frå ca. 40 meter. Omtrent heile laget ligg framfor feltet. Frisparket kjem inn i feltet, og ein del klabb og babb og skumle situasjonar blir avslutta med at Line til slutt klarar å kaste seg over ballen. Kunne blitt større leiing for Breimsbygda.
35 min: Hornindal i angrep. Nok ein gong kjem Malin fram på høgresida si. Ho blir dessverre holdt igjen, utan at dommaren ser det.
36 min: Ingrid skyt eit godt skot frå 17-18 meter, like over!
40 min: Breimsbygda i angrep! Ei dårleg klarering blir plukka opp av breimsbygda og dei får ein ny sjanse. Keeper klarar å skubbe ballen ut til corner, som blir klarert på 2. forsøk.
42 min: breimsbygda er frampå igjen, men det blir ufarleg.
44 min: Hornindal slit ein periode no, og kjem seg aldri framover på bana, og Breimsbygda får fleire halvsjansar, og det blir med klareringar frå hil si side, utan at laget klarar å flytte etter..
Etter 1. omgong ledar Breimsbygda, etter skiftande spel frå begge lag.
12.00 andre omgong.
47 min: 1-1 !! Nyydeleg pasning av Malin, som Rosmari set kontant bak keeper.
50 min: Hornindal går rett i angrep igjen etter scoringa, og får fleire gode sjansar, dessverre manglar avslutningane.
51 min: Corner til Breimsbygda. Halvvegs avklaring og B.B. får sjansen igjen. Keeper tek ballen.
55 min: Nok ein gong er Malin på raid. Ho får avslutta, men keeper tek ballen.
57 min: God løpepasning frå Rosmari som Malin spring den inn. Ho legg inn i feltet, men det gir ikkje resultat.
58 min: Breimsbygda er frampå igjen med ein livsfarleg sjanse. Blir til corner, som blir til ein ny corner, som HIL til slutt får taket på.
70 min: spelet held seg jamt, utan dei store sjansane til nokon av laga.
71 min: 2 – 1 !! HORNINDAL HAR SNUDD KAMPEN! Ei god pasning frå Marie inn til Hanna i feltet, som får ballen i mål!
75 min: HIL i total føring ein periode. Laget får stå høgt å presse. Mariell skyt eit godt skot dessverre like over. Hornindal fortsett den gode period