Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Vi har stilt eit såkalla ekspertpanel nokre spørsmål om kva dei trur om kampen i morgon og korleis sesongen blir for HIL.
Vi håpar at før kvar kamp skal vi få innspel frå nokre ekspertar.
Fyrst ut er Oddvar Espe, Håvard Sollid og Knut Ove Grodås.
Ekpertpanelet fekk desse spørsmåla:
1. Kva trur du om HIL sine sjansar mot Årdal2?
2. Kva trur du om sesongen 2008 på HIL sine vegne?
3. Kven trur du blir dei 2 beste og dei 2 svakaste laga i divisjonen i år?
4. Kva blir resultatet søndag?
Oddvar
1.
Trur at HIL sine sjansar mot Årdal2 er gode sjølv om kampen går på bortebane. Ut frå treningskampane å dømme kan det bli ein målrik kamp, begge vegar!! For å vinne denne kampen trur eg Morten & co må fokusere på å snøre igjen sekken bake, dvs organisere litt stramt defensivt. Med dei siste signeringane av spelarar frå Stryn og Loen pluss våre eigen gode spelarar, trur eg HIL likevel vil kome til mange målsjansar.
2.
Det er lenge sia herrelaget har hatt så brei og god stall som no i 2008, så eg trur vi kan håpe på ein oppløftande sesong for HIL. Kampane mot opprykkslaga i fjor haust synte at vi kan ta skalpen på alle lag i divisjonen, også treningskampane i år forstår eg har gitt gode opplevingar. Men eg trur det er nokre viktige forutsetningar for at sesongen skal bli bra; god lagmoral og godt humør på og utanfor bana, god defensiv organisering og ikkje minst full innsats i 90 minutt. Trur at HIL landar over midten av tabellen på ein 4. el 5. plass.
3.
Laga som kom ned frå 3. divisjon i fjor haust vil nok ha eit ord med i laget om opprykk. Tippar at Eikefjord og Jølster kjem på topp mens Askv/Holmedal og Syril kjem nederst.
4.
Eg trur kampen endar med 3-1 seier til HIL. Lukke te.
Håvard:
1.
Trur HIL har ein god sjans mot Årdal 2. Er alltid spennande å reise til Årdal å sjå ka slags lag dei stiller med, men trur HIL skal bite bra frå seg uansett kva lag Årdal mønstrar. Huskar at Årdal starta svakt i fjorårssesongen, og trur dei opnar med tap i år også.
2.
I år blir det spennande. HIL burde ut i frå spelarstall gå mot sin beste sesong på mange år. I år har vi eit godt lag, og får vi det til å sitte har vi stort potensiale. Får vi ein god start på våren, noko som HIL har slete litt med tidlegare, kan det bli mange poeng å juble for i år. Usikkerheita til HIL er at mange spelarar bur borte. Men med 12 lag i serien tippar eg HIL på topp 5.
3.
Eg vil tru Jølster og Dale kjem til å bli sterke. I botnen blir det jamt, og med rein tipping seier eg Syril og Askvoll/holmedal
4.
Søndag vinn HIL 5-2
Knut Ove:
1.
Tja? Eg har ikkje sett nokon treningskampar, men trur absolutt at der ligg mykje i laget, dersom spelarane er
svoltne nok. Det må dei vere skal det bli 3 poeng i Årdal. Første kampen er vel alltid litt spesiell for dei
fleste lag, så det å vere på "hugget", og å ha nødvendig sjøltillit, er viktig. Eg trur Honndalen kan klare
det dersom dei held tett bakover. Då krevst det også ei midtbane som jobbar bakover. Sjansane kjem nok, så eg
trur dei vinn.
2.
Eg trur det blir om lag som i fjor, kanskje litt høgare på tabellen. Dei var uheldige i nokre kampar på
vårparten i fjor. Spesielt mot Jølster og Lærdal. Full skjerpings i alle kampane, og i heile kampen, så 3. til
5. plass.
3.
To beste: Sandane og Dale. Hakje peiling på Dale, men dei rykka ned i fjor og ein stad som Dale bør ha eit
lag som hevdar seg i 4. div.
To svakaste: Saga og Syril.
4.
Sjå punkt 1, men tippar 3-1 til Honndalen.
Heia HIL. Stå på gutar! Vi veit at de kan.
|
|
|