Hornindal - Sunnylven 3-2 (damer)

Referat Hornindal – Sunnylven, 13.04.2008 Kampen gikk på kunstgraset i Stryn, under ei delvis tilstedeverande sol. Damelaget har møtt sunnylven før, for berre 9 dagar sidan. Då vart resultatet 2-1 til HIL. Forventningane var til stades for nok ein siger til Hornindal sitt damelag. Tilskodarar: ca. 25 Start 11-aren: 4-2-3-1 formasjon Keeper: Anita Gjørven Forsvar: Therese Vik Nygård, Beate Lødemel, Elise Bødal, Ingvild Taraldset. Midtbane: Malin Renate Seljeset, Ann Kristin Grodås, Mariell Nesje, Ingrid Maurset, Marie Ingeborg Espe Spiss: Ivrine Marie Kristensen Benken: Ida Pauline Lødøen, Marte Gausemel, Ann Kathrin Halstensen. Dei første 20 minutta dominerer Hornindal. Gong på gong blir de rulla fram angrep frå alle sider. Det einaste som manglar er avslutninga. 22 min: Marie får seg ein trøkk i ein duell og tek seg til kneet/låret. På benken er nervane i høgspenn når Marie haltar etter situasjonen. Men heldigvis var det kortvarige smerter, og Marie spelar resten av kampen. 30 min: MÅL!! Marie sender ballen til Ida, som kjem nesten ned til linja, som legg eit vakkert innlegg inn i feltet. Etter at innlegget passerte 2-3 HIL spelarar, får Marte foten på ballen og sendt den inn i målet. Endelig kom målet for Hornindal! 1-0 35 min: MÅL!! Sunnylven snur spelet ein periode, og var effektive framfor mål. Anita rykte ut, men Sunnylven fekk ballen og kunne legge den over keeper og i mål. 1-1 40 min: MÅL!! Ivrine spring igjen ei stikkpasning, og er aleine med keeper. Ho klarar ikkej å runde keeper, men det vert til slutt mål likevel. Målscorar uvisst Ivrine/sjølvmål kanskje. Pause 2. omgong: Omgongen startar roleg, og slik held den seg særs lenge. Fleire av spelarane verkar slitne, og spelet går sin gong utan dei store sjansane, fram til klokka 15:36: Ingrid skal skyte eit frispark frå utanfor 16 meteren. Ballen går rett mot vinkelen, men dessverre har keeper sett utgangen og er der med hanskane, likevel, vakkert. Ca. 75 min: MÅÅL!! Innlegget kjem frå kanten, og i feltet står nok av Honndalsspelarar, og ballen blir i følgje marius ”firla” i mål. 3-1 målscorar: Ukjent. Ca. 80 min: Hørt på benken: ”De e so irriterande når dei (motspelar) berre springe framfor deg. De ekje rart en skubba me strake hende” Ann Kathrin. Ca. 80 min: MÅÅL!! Synnulven kjem på skothold, og ein spelar sender av garde ballen i perfekt bane over keeper og i mål. 3-2. - Dommaren bles i fløyta etter om lag 92 minutt, kampen er over og Honndalen innfridde!