HIL sitt herrelag reiste i dag til Årdal for sesongens fyrste seriekamp. No var alvorets time komen og poenga skulle hentast heim. Kampen gjekk på kunstgras i Øvre Årdal. Det gjekk bokstavlegtala på ræva for HIL i dag. Dessverre vart kampen ein enkel match for Årdal sine nest beste. HIL var ikkje på høgde med Årdal i det heile. Både innstilling og innsats mangla i dag. Vi viste ingen vilje eller lyst til å vinne kampen. Alle måla til Årdal kjem etter slurv eller slett innsats. 1-0 kjem etter ein mulig offside, HIL sine spelarar stoppar og ropar offside, men dommaren (som bestemme) let spelet gå og Årdal scorar enkelt 1-0. HIL sin største sjanse i 1 omg har Anton, men frå ein vanskeleg posisjon set han ballen i utsida av stonga. Etter pause er HIL litt meir med. På stillinga 1-0 har Anton ein gedigen sjanse. Han headar ballen hardt mot mål, men ein god Preben Gilleshammer redda utruleg nok. Etter dette får Årdal sitt andre mål. Kommunikasjonssvikt mellom Håvard M og Morten føre til at Årdal snappar ballen og Brede Stedje Ylvisåker scorar. Håvard Sollid får ein stor sjanse på stillinga 2-0. Åleine med keeper skyt han laust rett i hendene på keeper i staden for å sette ballen nede til ei av sidene for keeper. Deretter kjem 3-0 etter at Julian Brons driblar av 3-4 mann og plasserar ballen fint i vinkelen. Kristoffer (som også var kaptein i dag) kan ikkje lastast for nokon av måla i dag. Han har fleire gode og viktige redningar og hindrar rett og slett at tapet vert større. HIL sin beste i dag var Kjetil Svarstad. Han var god i luftduellane og sikker med ball langs bakken. Ok, kontroll i forsvaret. No er det berre å slikke sår og gløyme ein dårleg kamp fortast mogleg. Neste søndag ventar ein ny tøff bortekamp når vi skal til Lærdal å kjempe om 3 nye poeng. Kampfakta: Bane: Jotun Kunstgras Dato: 13.04.2008 Kampstart 13.00 Værrapport: Delvis skyaoppholdsveir m/sterk sidevind Publikumsanslag: ca 60 Mål: 1-0 Johnny Aspesæther 2-0 Brede Stedje Ylvisåker 3-0 Julian Brons Gulekort: Anton Andre Sande Morten Taraldset Daniel Eide (Årdal2) Mats Andre Jevnaker (Årdal2) Dommar: Per Olav Erikstad, (mindre god) HIL- Stjerna: 3 stjerne: ingen 2 stjerne: Kjetil Svarstad 1 stjerne: Kristoffer Grodås Hornindal sitt lag: Kristoffer Grodås Sindre Fannemel Kjetil Svarstad Håvard Maurset Martin Seljeset Håvard Sollid Morten Taraldset Andre Haugen Eivind Grodås Lars Ove Rake Anton Andre Sande Benken: Tarjei Lødøen Jan Rune Oppheim Sondre Jensen Anders Elling Kristensen Per Otto Lien Krister Seljeset Her er begge lag rett før avspark. Årdal2 Preben Gilleshammer Sverre Heggheim Gunnar Heggheim Gøran Moheim Julian Brons Alin Ciobanu Mats Andre Jevnaker Daniel Eide Johnny Aspesæther Brede Stedje Ylvisaker Stian Øy Benken: Stian Karlsen Ruben Aspesæther Eirik Natvik Truls Sylvarnes