Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Ein av nykomarane før åretssesong er Andre Haugen. Han er ein av 3 spelarar som er stasjonert i Bergen. Her kan du lese og bli litt betre kjent med han.
1. Kven er du Andre?
22 år, kjem frå Loen. bur og studerer for tida i bergen, og stortrives med det
2. Kva som gjorde at du bestemte deg for å vere med HIL i år?
har spelt altfor lite fotball dei to siste åra, så når du slo på tråden så freista det å være litt meir seriøs enn kva som har vore tilfellet i det siste. i tillegg så har eg spelt i Loen heile mi tid, så det passa godt å ta turen til HIL denne sesongen
3. Kva synst du om klubben so langt?
Bra miljø både blandt spelarane og folk rundt laget. mange unge spelarar som er lystne på å spele fotball. Eg trives meget bra til no!:)
4. Sesongen er like om hjørnet, korleis blir sesongen for HIL?
det eg har fått med meg på dei to treningskampane eg har vore med og i seriepremiera mot Årdal så har vi variert frå bra til veldig dårleg. vi har eit godt lag, så berre vi får vi kvikknar til litt, er litt meir på hugget og har det kjekt når vi spelar så kan det bli bra. opprykk skal kanskje holde hardt, men tippar på øvre del av tabellen!:)
5. Klarar Loen målsettinga i år? (opprykk) Kvifor?
ja det trur eg absolutt.
fordi dei er har rutinen samt nye unge talent som har lyst til å vise seg fram.
6. Kva skal du bli når du blir "stor"?;)
går for tida på samf.øk, men har egentlig ikkje peiling kva eg skal bli (bra det er ei stund igjen endå)
7. Kva gjer du når du verken studera elle spela fotball?
blir ein del trening, styrke uthald og litt klatring. ellers blir det å henge med venner og kjendte og kose oss med det Bergen by har og by på.
8. Kva tykkje du om Kristoffer Grodås?
syte litt masse. heia på arsenal av ein merkeleg grunn, og kanskje derfor han syte so. stort sett god på bunn. alt i alt ein kjekke kar
9. Litt av kvart:
United eller Liverpool?
Liverpool
Tv2 eller NRK?
tv2
Fisk eller biff?
biff
Øl eller vin?
øl
Fjøs eller fest?
fest
Honndalen eller Stryn?
honndalen!;)
Facebook eller Nettby?
facern
Norsk eller italiensk fotball?
norsk
Langrenn eller skiskyting?
skiskyting
Det va det;)
Vi takkar Andre for praten og ynskjer han lukke til i tida i Honndalen. |
|
|