Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Ein ny serierunde står for tur. Nokre kampar er alt ferdig, men vi har fokus på HIL som møter Lærdal på bortebane søndag.
Denne gongen har vi snakka med Rasmus Gausemel og Frank Hool.
Dei fekk desse spørsmåla:
1.Kva trur du om HIL sine sjansar mot Lærdal?
2.Vart du overraska av at HIL tapte mot Årdal2?
3.Kva trur du om sesongen 2008 på HIL sine vegne?
4.Kven trur du blir dei 2 beste og dei 2 svakaste laga i divisjonen i år?
5.Kva blir resultatet søndag?
Rasmus Gausemel trur dette:
1.
Sjansane ska vere veldig gode mot Lærdal. Bli nukk heilt sikkert en typisk ”slite-kamp”, men de trur ikkje eg er nåke problem. So lenge ein klarar å vere strukturerte i alle ledd på bana, gjere det enkelt for kvarandre og ikkje la seg påvirke av f.eks dommaren. Holde fokus rett og slett. Då bør de ikkje vere nåke å seie på sjansane for 3 poeng!
2.
Ja de må eg faktisk sei. Utifrå det laget som HIL stilte, so trudde eg faktisk ikkje på tap, å i alle fall ikkje på 3-0 tap. Men de er berre å riste av seg og ikkje tenke meir på den kampen.
3.
Eg trur vi kan gjere vår beste sesong på mange år. Klarar vi å holde den sterke stallen vi har no heilt til slutt, so trur eg vi kan havne høgt oppe på tabellen. Problemet blir viss mange reise te hausten, men uansett so trur eg HIL ska stille slagkraftig te kvar kamp. Eg tippa 5.plass.
4.
Eg trur Jølster og Dale rykke opp i år. Jølster vinne divisjonen, pga satsinga som dei legge ned. Dei satsa hardt på å rykke opp, og eg trur dei klare de. Dale trur eg rykke oppigjen på den rutinen dei har.
2 svakaste e vanskeligare å spå, men eg trur Syril og Askvoll/Holmedal endar sist på tabellen. Divisjonen i år trur eg bli jamnare enn nåken gong, og derfor e de vanskeli å seie ka lag so endar sist.
5.
2-3, sliteseier. Lykke te, full fokus kara!
Frank Hool trur dette:
1.
HIL føler nok at det var bittert å ikkje få med poeng heim frå Årdal, og vil
nok revansjere seg no. Eg trur på tre poeng til HIL, men dei kjem ikkje
gratis. Lærdal vil heilt sikkert selge seg dyrt, etter at dei tapte 3-0 mot
Jølster i første kamp.
2.
Ja, eg trudde HIL skulle ta med seg poeng heim frå Årdal. Samstundes er
det sjeldan lett å vinne i Årdal, og med siger mot Lærdal ser det straks
lysare ut for HIL.
3.
Eg meiner HIL er sterke nok til å ligge på øvre halvdel av tabellen, og trur
dei vil klare det.
4.
Eg trur Saga og Jølster blir dei to sterkaste, mens Syril og Lærdal blir dei
svakaste.
5.
Jau det skal eg fortelje deg. Lærdal går ufortent opp i leiinga etter 17
minutt. Då blir HIL-karane sinte, og jobbar som slavar for å utlikne. Det
blir 1-1 rett før pause. Anton scorar. I andre omgang forstår HIL at
innsatsen må vere på topp for å ta tre poeng. HIL spelar ein kjempeomgang,
og vinn til slutt 4-1. Fullt fortent. Eit av måla blir eit långskot klin i
vinkelen av unge lovande Morten Taraldset, noko som gjer at Morten kjem til
å sovne med eit smil om munnen søndag kveld. Gode papirer, og lukke til!
|
|
|