Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Damene startar sesongen i morgon(søndag).
Dei skal til Florø å kjempe om årets fyrste poeng.
I fjor vart det ein siger og eit tap i Florø. Fyrste kampen mot Florø enda med 5-1 tap. Medan haustkampen Florø enda med 3-1 siger til HIL.
I morgon stille eit rykande ferskt Honndalslag til kamp. Mange nye spelarar vil få sin seriedebut i Honndalsdrakta.
Vi har stilt ein av dei spelande trenarane nokre spørsmål med tanke på den føreståande seriestarten. Ann Kristin Grodås har desse tankane om sesongen 2008.
Korleis e nervane no like før alvoret braka laust?
Eg e nervøs. Og det blir berre verre og verre til nærmare de kjeme. I måra skal eg slappe av og lade opp:) Søndag ekje eg te å snakke me. nesten.
Korleis synst du oppkøyringa har vore?
Greit nok ette forholda. Klart de ikkje e heilt gunstig å trene so mykje inn i den bittelisje gymsalen, men vi ha no fått noken gode treningskampa og økte ute, so får vi berre ta ting etter kvart. Det e mykje vi trenge å bli beire på, men vi skal fokusere på de vi e gode på!
Det at Ola Roar har gjort comeback som trenar kva betyr det for dåkke og resten av laget?
Eg syns det e kjempe bra!! Han ha masse erfaring og e dyktig i det taktiske og lagbiten. Vi får nok litt meir "kustus" i laget, og eg håpar vi klara å ta tak i det som e probleme i løpet av sessongen. Dette e nok ting eg og marie ikkje klarar å sjå sidan vi sjølve spelar, så det er kjempe greier:) Ser fram til sessongen!
Kva trur du om kampen mot Florø søndag?
Åy.. Veldig usikker. Håpar vi klara å spele sann vi ha gjort dei siste treningskampane. Vi e litt ustabile og spelar veldig periodisk bra/ dårleg. Florø e nok eit godt lag, så vi skal vere tente på ny innsats og ein ny seier håpa eg!!
Kva er målsetting for sesongen?
Nei.. Veitikkje. Eg ha lyst å ta kamp for kamp, sjå utvikling og at vi blir beire. Spele fint og bra, bygge de opp på den måten. So kjeme resultata ettekvart! Håpa eg:) Vil selfølgeli vinne, men de e litt optimistisk. Kanskje nr 3? 4? 2?
Vi ynskjer damene lukke til mot Florø. Vi har ikkje fått opplyst kven som er disponible i morgon, men HIL stille med ei stoooor tropp til kampen i morgon.
STÅ PÅ!!!!
|
|
|