Florø - HIL 2-4 (damer)

Damelaget vann i dag ein sterk og imponerande 4-2 siger borte mot Florø. I følgje Ola Roar Fannemel var Florø nærmare siger enn resultatet tilseie. Florø kunne fort ha leda 5-0 før HIL sine damer skjønte at kampen var i gong, men takka være en imponerande god Anita Gjørven fekk ikkje Flor mål i fyrste omgong. Derimot var det HIL som leia 1-0 til pause etter at Ingrid Maurset skrudde ein corner direkte i mål. I andre omgong snudde Florø kampen til 2-1 før HIL vakna og begynte å spele ball. I løpet av eit par minutt snudde dei kampen til 3-2 etter scoring av Ingrid og Rosmari Heggen. Ingrid scora også 4-2 målet. I kampen i dag var forsvaret med Terese Nygård og Elise Bødal i spissen veldig bra. Gong på gong sette dei Florø i offside og dei vart tilslutt so frustrerte at dei prata på seg gult kort. Dermed starta sesongen veldig bra for eit ungt honndalslag. Neste kamp er heime mot Førde 4 mai. Kampfakta: 0-1 Ingrid Maurset 1-1 2-1 2-2 Rosmari Heggen 2-3 Ingrid Maurset 2-4 Ingrid Maurset HIL stjerna: 3 stjerne: Anita Gjørven 2 stjerne: Terese Nygård 1 stjerne: Elise Bødal Dommar: Ragnar Åmot, Jølster HIL sitt lag: 4-2-3-1 Anita Gjørven Linda Kristin Tomasgård Terese Nygård Elise Bødal Line Romsøe Marie Ingeborg Espe Ingrid Maurset Malin Seljeset Ann Kristin Grodås Ida Pauline Lødøen Rosmari Heggen Benken: Ann Kathrin Halstensen Marte Gausemel Hanna Tenden Mariell Nesje