Lærdal - HIL 2-1 (herrar)

Litt om kampen: Alt etter 20 sek er Lærdal gjennom HIL sitt forsvar, men innlegget endar i nettveggen. Etter dette tek HIL over kampen og styre kampen dei fyrste 20 min. Både Eivind, Andre og Anton har gode avslutningar som går like over mål. Etter dette kjem Lærdal meir med i kampen og har fleire skumle sjansar. Alt i alt ok at stillinga er 0-0 til pause. 1 omgong vare i 50 min og dommar bles til pause når han får eit hint om at tida bør vere ute. Før 2 omgong starta har Per Otto gått ut og inn kjem Sondre Jensen. Vi får en kalddusj imot alt etter 1 min av omgongen. Lærdal slær ballen høgt og långt og passive honndalsforsvarar lar ballen sprette i bakken og Ole Johnny Voll bankar ballen i mål. 10 min seinare får Lærdal straffe. Det rare i denne situasjonen er at dommaren tydleg ikkje ser situasjonen, men dømmer ut i frå kor spelarane ropar. Dette er svakt av dommaren. Frå 11 meter set Ove Lysne ballen sikkert i mål. Det ser mørk ut for HIL på dette tidspunktet, men gutane jobbar bra og produserar sjansar som perle på ei snor. Lars Ove, Eivind; Morten, Anton mfl hadde sjansen ved fleire høve, men lærdalkeeper Per E Aspevik varta opp med fleire klasseredningar. Sjølvsagt har Lærdal sine sjansar som dei kunne og burde scora på, men ein god og heldig Kristoffer Grodås reddar. Den største lærdalssjansen fekk var når Håvard skulle spele til Kristoffer, men pasninga blir svak og upresis. Ein lærdøl snappar opp ballen og skyt i stonga. Kristoffer får etter litt fingrane på ballen. Totalt sett hadde uavgjort vore eit meir korrekt bilde av kampen, men ein må utnytte sjansane betre om det skal bli poeng. Neste helg ventar Vik på bortebane. Nok ein tøff kamp for HIL sitt herrelag. Deretter ventar årets fyrste heimekamp 2 mai mot Eikefjord. Kampfakta: Bane: Lærdal Kunstgras Dato: 20.04.2008 Kampstart 15.00 Værrapport: SOL!!! Publikumsanslag: ca 70 Mål: 1-0 Ole Johnny Voll 2-0 Ove Lysne (straffe) 2-1 Sindre Fannemel Gulekort: Øystein Rinde (Lærdal) Dommar:Jeikishan Jegatheesan (Florø) HIL- Stjerna: 3 stjerne: Sindre Fannemel 2 stjerne: Morten Taraldset 1 stjerne: Anton Andre Sande Hornindal sitt lag: Kristoffer Grodås Sindre Fannemel Kjetil Svarstad Håvard Sollid Tarjei Lødøen Andre Haugen Morten Taraldset Lars Ove Rake Per Otto Lien Eivind Grodås Anton Andre Sande Benken: Even Lødemel Kim Runar Heggen Sondre Jensen Anders Elling Kristensen Lærdal: Per E Aspevik Ove K Lysne Øystein L Rinde Roy H Fjellstad Olav Haugen Kristen Årethun Thomas Lunde Serif Isic Gisle H Lysne Ole Johnny Voll Leif Tore Aasen