Vik - HIL 2-0 (herrar)

Herrelaget tapte i dag 2-0 på bortebane mot Vik. Eit mål i kvar omgong for Vik var nok til å sikre seg 3 nye poeng. Då vart det den tøffe starten på sesongen som vi frykta. 3 tøffe bortekampar i Sogn er ikkje synonymt med poeng. Dermed står HIL no utan poeng etter 3 kampar. Underteikna og Morten hadde eit håp om 4 poeng på desse 3 kampane, men til det har prestasjonane og innsatsen vore for dårleg. Heldigvis er det lenge igjen av sesongen og månge poeng skal delast ut. Litt om kampen og kampdagen: Dagen starta ikkje bra. Sjukdomsforfall frå både Kim Runar og Jan Erik var ikkje ein god start på det som skulle vere vendepunktet på ein traurig sesongstart. Dermed var det kun 13 spelarar disponible til kamp. Dette enda med at underteikna tok med fotballsko og starta kampen pga vi va usikker på kor lenge eg ville henge med. Kampen i Vik vart ein tøff batalje som dagens dommar Ragnar Åmot hadde ok kontroll på. Vik var agressive og tøffe i duellane, men ikkje dominarande i banespelet. HIL var godt med og hadde spelet like mykje som Vik. HIL var fullt på høgde fram til dei siste avgjerande meterane frå mål der var vi for tamme og greidde ikkje sette Vikkeeper Stig Roar Hovland på dei store prøvene. Dermed var det nok for Vik å scora eit mål i kvar omgong for å sikre seg sin tredje strake heimesiger i årets sesong. Kampfakta: Bane: Vik (grasbane) Dato: 27.04.2008 Kampstart 13.00 Værrapport: Delvis skya opphaldsveir Publikumsanslag: ca 50 Mål: 1-0 Øystein Myrkaskog 2-0 Tarjei Vevle Gulekort: Egil Rune Andersen Svein Erik Saglien (begge Vik) Dommar:Ragnar Åmot, Jølster HIL- Stjerna: 3 stjerne: Håvard Maurset 2 stjerne: Kristoffer Grodås 1 stjerne: Andre Haugen Hornindal sitt lag: Kristoffer Grodås Tarjei Lødøen Sindre Fannemel Håvard Maurset Martin Seljset Andre Haugen Morten Taraldset Edvin Haugen Sondre Jensen Anders Elling Kristensen Anton Andre Sande Benken: Håvard Sollid ( Anders Elling 55 min) Per Otto Lien (Edvin 65 min) Olav Otterdal (Sondre 78 min) Vik: Stig Roar Hovland Egil Rune Andersen Maruis Valsvik Gustav Valsvik Tord Hove Tarjei Vevle Jarle Christensen Rene Haugen Tomas Hjortland Øystein Myrkaskog Svein Erik Saglien Benken: Steina Vold MArtin Hove Fredrik Skogsrud Idar Holen Henrik Holmberg Tarjei Andersen Ørjan Tveitgrov