Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då er det påtide med ein ny runde med synsing frå lokale HIL-ekspertar. Denne gongen har vi utfordra Terje Flåm, Erlend Nordnes og Svein Otto Espe.
Dei fekk desse spørsmåla:
1. Kva trur du om HIL sine sjansar mot Eikefjord?
2. Er du overraska etter 3 strake tap i serieinnledninga?
3. Kva trur du om sesongen 2008 på HIL sine vegne?
4. Kven trur du blir dei 2 beste og dei 2 svakaste laga i divisjonen i år?
5. Kva blir resultatet fredag?
Terje Flåm trur dette:
1.
Eg har ikkje fått sett laget enno pga 3 bortekamper, men eg
trur det skal gå bra. Hil har eit godt lag på gang og eg trur på seier. Kjem
å ser på..
2.
Å spele mot sognelag har vel alltid vore vanskelig, det er
langt å tøffe kamper. men etter resultat og etter det spelarame sjølv har
sagt kunne dei jo likegodt ha vunne. Så no håper vi på at det går
rette veien mot Eikefjord.. Stå på gutta.
3.
Eg syns Hil har eit bra lag i år. Mange unge som har fått
eit år til på seg og styrer snart det meste. Har tru på at laget havner på
øvre halvdel.
4.
Vansklig å seie men trur Jølster å Saga blir i toppen i bunn
trur eg vi finn Sandane og Lærdal.
5.
Eg tipper 2-1 til Hil.
Erlend Nordnes:
1.
Trur honndalen har gode moglegheite mot eikefjord. Har sett litt på heime sida kor det har gått so longt, og eg e positiv i tanke gongen at det ve snu seg no. Eikefjord slite like mykje med sigrane so det vi gjere og eg har trua på at honndalen vinne dinne kampen.
2.
Ja det ve eg seie. Eg syns honndalen ha et enda beire lag sia i fjord + at lage har blitt beire kjende me kvarandre noke som burde vere bra.
3.
Dersom honndalen starta med å få et par sigera i havn so e eg sikker på at vi kjem til å være på øvre del av tabellen på slutten av sesongen. Honndalen kjem alltid litt tregt igong med sesongen men kjem alltid tilbake igjen i slutten av sesongen.
4.
Må nukk seie Saga og Jølster
5.
honndalen vinne 3-1:D
Lykke te, ditta vinne dokke:D
Svein Otto Espe
1.
Eikefjord kampen trur eg blir HIL sin opptur. Siger vil eg tru
absolutt er innan rekkevidde. Om ikkje HIL kan ro i land ein siger i denne
kampen, så vil avstanden oppover i tabellsystemet bli lang, og vanskelig.
2.
Nei egentlig ikkje. Dette er vel noko som har vore kjenneteikna
til HIL. Ein startar veldig ”ruskje” og ein kan vel ikkje vente anna heller
med tanke på treningstilhøva som ein har i Honndalen. Alle må berre gje
klare tilbakemeldingar om at Honndalen MÅ ha treningsfelt.
3.
Eg er litt spent på kva som skjer utover sesongen. Kven skal vekk
på skule, militæret osv. Om HIL vert svekka på haustsesongen, så kan det
kanskje bli vanskelig
4.
Saga virkar til å vere veldig skumle i år, så det forrundrar meg
ikkje mykje om dei havnar på topp ilag med Førde 2. I den andre enden av
tabellen er det litt vanskeligare, men trur Lærdal og Årdal 2 kjem til å
slite.
5.
HIL vinn 2 – 1
|
|
|