HIL - Eikefjord 4-0 (herrar)

So var det endeleg duka for heimekamp for HIL sitt herrelag. Dette var ein kamp HIL ikkje hadde råd til å tap og gutane med ein hardt arbeidande Morten Taraldset i spissen innfridde tilgangs. Litt om kampen: Dommar Rune Haugland hadde knapt fått blese i gong kampen før Eivind Grodås var frampå og sette inn 1-0. Trur ikkje det tok meir enn 20 sek før ballen låg i nota. Dette gjer at HIL festar grepet om kampen og får den sjølvtilliten ein treng. HIL er veldig gode i dag og køyre i store periodar over eit bleikt Eikefjordlag. 2-0 kjem etter at Martin Seljeset fører oppover sida. Tilslutt vert Andre Haugen spelt åleine med keeper og sett ballen i mål via ein uheldig Thomas Øren i Eikefjord sitt mål. I 1.omg braka hardhausen Anton Andre Sande saman med ein Eikefjordspelar i ein haudeduell. Dette medfører at begge vert liggande på bakken. Etter litt vatn på hovudet og trøst frå underteikna er Anton klar igjen til kamp. Det vise seg i ettertid at Anton har pådrege seg ein kraftig hjernerystelse og brot i nasa. HIL styre kampen som sagt godt. Eivind og Anton er ein konstant trussel. Anton må berre få fin stilt skotfoten so kjem det månge mål frå den kanten. 2 omg startar omtrent som 1.omg. Eivind brukar ikkje månge minutt av omgongen før ballen ligg i mål og HIL får ei konfertabel 3-0 leiing. 4-0 er det Per Otto som med god hjelp av keeper Thomas Øren som får æra for. HIL var nærmare 5,6 og 7 en Eikefjord var redusering. No orkakje eg å skrive meir om kampen;) Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 02.05.2008 Kampstart 19.00 Værrapport: Skya opphaldsveir Publikumsanslag: ca 45 Mål: 1-0 Eivind Grodås (20 sek) 2-0 Andre Haugen 21 min 3-0 Eivind Grodås 48 min 4-0 Sjølmål/Per Otto Lien Per Otto Lien, Eivind Grodås og Andre Haugen Gule kort: Eivind Grodås Dommar: Rune Haugland, Haugen HIL- Stjerna: 3 stjerne: Morten Taraldset 2 stjerne: Håvard Maurset 1 stjerne: Martin Seljeset og Eivind Grodås På en dag der samtlege spelarar står fram og er gode er det vanskeleg å plukke ut enkelt spelarar som fortjenar stjerner meir en nokon andre. Uansett slik vart dommen denne gong. Hornindal sitt lag: Kristoffer Grodås (Krister Seljeset 85 min) Jan Rune Oppheim (Tarjei Lødøen 60 min) Lars Ove Rake Kjetil Svarstad Martin Seljset Andre Haugen (Per Otto Lien 70 min) Morten Taraldset Håvard Maurset Håvard Sollid Eivind Grodås ( Rasmus Gausemel 83 min) Anton Andre Sande (Even Lødemel 75 min) Benken: (ubenytta) Anders Elling Kristensen Olav Otterdal Kristian Haugen Kim Runar Heggen Eikefjord sitt lag: Thomas Øren Kristian Østerbø Espen Langedal Stig R Kvam Geir Vanamo Eirik Endestad Andreas Brandsøy (Thomas Agledal 80 min) Erlend Vassbotn Ole Chr. Agledal (Eirik Bratheim 60 min) Lars Martin Steinhovden (Øyvind Myrhol 60 min) Geir Myklebust