Damene tok i dag 3 nye viktige poeng i den første heimekampen for sesongen. Det sørga bla Rosmari Heggen for med eit ekte Hat-trick etter knappe 25 minutt. HIL møtte eit strekt redusert Førdelag og tok 3 fortjente poeng. Litt om kampen: 1.omg Førde kjem gjennom og er aleine mot keeper etter kun få sekund, men blir tvilsomt avblåst for ein offside. Etter dette var det envegs køyring mot Førde målet resten av omgangen. Etter 6 minutt får Rosmari ballen etter ei fin gjennombruddspassning som ho sett enkelt forbi keeper. 1-0 til Hil. Etter 15 minutt spel går Hil opp til 2-0. Førde keeperen klarerer ein ball som kjem mot mål etter eit forsøk på eit gjennomspel frå Hil, men ballen havnar hos Rosmari som skyt ballen enkelt over keeper som er på bærtur. 3-0. Det er spelt i knappe 25 minutt når Rosmari igjen får ballen på sølvfat frå ein medspelar. Ballen sett ho lett i mål og hat-tricken er eit faktum Hil har fått ein komfortabel ledelse. I resten av omgongen skjer det ikkje mykje, men litt småsjansar her og der. Like før Sureskumar skal blåse laga til pause glepp det i forsvaret til Hil og Førde spissen Linda Saltskår reduserer til 3-1. Hil går til pause med ein fin 3-1 ledelse og har vert svært dominerande i store delar av kampen. Endre og Kjetil er fornøgde med det dei ser av damelaget. 2.omg Omgangen startar roligare en første, men Hil er fortsatt det dominerande laget med småsjansar tett og ofte. Førde kjem til sin einaste store målsjanse i omgangen ved Linda Dvergsdal etter eit kvarters spel når ho riv seg laus frå forsvaret og stormar mot mål. Hil keeper Line Romsøe reddar fint. Hil aukar leiinga si til 4-1 etter ca 75 minutts spel når Ann Kristin Grodås plukkar opp ein retur etter eit Hil frispark og sett ballen via stolpen og inn. Det siste kvarteret hadde Hil eit par store sjansar med bla Hanna Tenden og Marie Ingeborg Espe men ballen havna ikkje i nota i desse tilfella Her er Marie dronning i lufta. Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 04.05.08 Kampstart: 15.00 Værrapport: Skiftande mellom sol og skya opphaldsveir. Publikum: 40 +/- 5 Mål: 1-0 Rosmari Heggen (6min) 2-0 Rosmari Heggen (15min) 3-0 Rosmari Heggen (25min) 3-1 Linda Saltskår (45min) 4-1 Ann Kristin Grodås (75 min) Rosmari og Ann Kristin scora måla i dag. Gule kort: Elise Lunde (HIL) Nadja Mjåseth (Førde 2) Her får Elise Lunde gult kort. Dommar: Sureskumar Kathiravel Hil – Stjerna: 3 stjerne: Rosmari Heggen 2 stjerne: Marie Ingeborg Espe 1 stjerne: Ingrid Maurset Hornindal sitt lag (4-2-3-1): Line Romsøe Beate Lødemel Elise Lunde Therese Vik Nygaard Elise Bødal Ingrid Maurset Marie Ingeborg Espe Gunlaug Tenden Ann Kristin Grodås Anita Gjørven Rosmari Heggen Benken: Hanna Tenden Linda Kristin Tomasgaard Helene Maurset Mariell Nesje Malin Renate Tomasgaard Seljeset Marte Gausemel (Ubenytta) Samuline Seljeset. (Ubenytta) Førde 2 sitt lag: Christine Afgerstam Caroline Bruland Malin Frøholm Anne Guro Horstad Elisabeth Jordanger Aurora Øvretveit Ane Helgheim Silje Moen Nadja Mjåseth Inga Haaland Linda Saltskår Benk