Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
1.Kva synst du om serieopninga til damene? (2 strake sigrar)
2.Har damene det som skal til for å kjempe i toppen i år?
3.Kva trur du det betyr at Marie Ingeborg og Ann Kristin ha fått med seg Ola Roar Fannemel som trenar?
4.Kva blir resultatet mot Bremanger laurdag?
Håvard Maurset trur dette:
1.
Meget sterk åpning. Men e ikkje overraska. Damene har mange gode spelarar
i år, i alle ledd, og mange potensielle målskårarar. Såg kampen mot Førde og
det va ein bra kamp. Kjekt å sjå at dei klara å ta ned ballen og spele langs
bakken.
2.
Klara honndalen å halde på dei spelarane som e med no, og at dei unngår
skada på viktige spelarar trur eg dei kan kjempe i toppen. Laget e veldi
ungt so skakje stille for høge krav, men det lova bra.
3.
Eg trur det var den siste biten som skulle på plass for at honndalen skal
kjempe i toppen. har hatt han som trenar i mange år og de e ikkje so mange
so kan like mykje fotball som Ola Roar. han har en utruleg innlevelse og får
alle te å yte det lille ekstra. D e alltid en fordel å ha en med erfaring
som ser alt frå sidelinja, samtidig som Marie Ingeborg og Ann Kristin kan
konsentrere seg fullt om sitt eige spel.
4.Tippa honndalen vinn 3-2 utan å vite noke som helst om Bremanger.
Per Otto Lien trur dette:
1.
Veldig bra opning, men ikkje so overraskande. Dei e jo ganske gode. Seieren borte mot florø var sterk!
2.
Det ser iallefall sånn ut no. So lenge dei klare å holde noko det same mannskapet heile sesongen blir dei verande i toppen. Ellers har dei jo ein brei tropp, so viss nokon flyttar vekk til hausten er jo ikkje det fullstendig krise. Viktig at Ola Roar er med!
3.
Eg trur dette vil være avgjerande for at dei skal hevde seg i toppen. Ola Roar har all den kunnskapen som skal til for å få til eit godt fotballag, so blir det Marie Ingeborg og Ann Kristin si oppgåve å sette teorien ut i praksis;)
4.
Nok ein seier til honndalsdamene. Eg tippar 3-1!
og Eivind Grodås trur dette:
1. To sigrar på to kampar er sjølvsagt bra. Då har dei fått det utgongspunktet dei treng, og med det meinar eg ikkje berre poeng, men også sjølvtillit og den lysten til å vinne fleire kampar vidare.
2. Ja, eg meinar det. Vi veit alle at damene har veldig mange gode spelerar, og no som dei har fått med seg ein erfaren trenar, burde dette gå bra. Vi ser no kor det har gått so longt...Men fortsett!
3. Som sagt, Ola Roar har trena fotball i mange år, og han ser kva som må til for å vinne kampar. Dette er sjølvsagt bra for damene.
4. 2 - 1 til Hornindal.
|
|
|