Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I dag reiste eit redusert herrelag til Førde. Det var ikkje feiring av nasjonaldagen som gjorde at vi var redusert, men eksamen og skader gjorde at 4 stk frå startoppstillinga frå sist kamp mangla. Deriblant den solide sisteskansen vår(og stjernesankar) Kristoffer Grodås.
Litt om kampen:
Vi kjem godt i gong. Førde skapar lite i fyrste omg. Dermed er det fortjent når Rasmus Gausemel breisidar ballen i mål frå 10 meter. 2 min seinar vert Eivind spelt flott gjennom og åleine med keeper gjer han ingen feil 2-0 knallstart på kampen!!!
Vi held fram med å styre kampen, men so kjem Førde rundt på kanten og slår ballen over på bakerste stolpe. Der står Sondre Jensen og skal klarere og ein Førdespelar hoppar inn i duellen og får foten til Sondre i brystkassa. Dommaren ser ikkje situasjonen, men etter 5 sekund og protsetar på sidelinja dømmer han straffe.
Underteikna går til feil side og Førde2 reduserar til 1-2.
Etter dette held vi fram med å styre kampen og når Sondre Jensen får draumetreff med venstrefoten frå 16 meter er vi i føringa 1-3.
Dette resultatet held seg til pause.
I pausen snakka vi om litt forskjellig, men er alle enige om å fortsette å kjempe, men det skulle vise seg at vi ramla ned nokre hakk og Førde2 tek over føringa i 2 omg.
Førde sine nestbeste kjem ut i 2.omg med ei fantastisk innstilling og jobbar oss i kne. Dermed er det surt å innrømme at 3-3 muligens er eit rettferdig bilde av kampen sjøl om vi kanskje kunne og burde scora fleire mål sjøl.
Dei 2 måla til Førde hadde muligens ein annan keeper redda, men det får vi aldri vete;)
Kampfakta:
Bane: Førde Stadion (kunstgras)
Dato: 18.05.2008
Kampstart 14.00
Værrapport: Skya opphaldsveir m/gløtt av sol
Publikumsanslag: ca 50
Mål:
0-1 Rasmus Gausemel
0-2 Eivind Grodås
1-2 Ruben Holsæter (straffe)
1-3 Sondre Jensen
2-3 Kenny Hoti
3-3 Thomas Fjørstad
Gult kort:
Even Lødemel (HIL)
Dommar:Jeikishan Jegatheesan (Florø)
HIL-Stjerna:
3 stjerne: Tarjei Lødøen
2 stjerne: Håvard Sollid
1 stjerne: Martin Seljeset
På ein dag der heile laget er godt i 1.omg og heile laget er ditto svakare i 2 omg er det vanskeleg å plukke ut stjernene, men underteikna har vurdert det slik denne gongen.
NB!! Kristoffer har ikkje innflytelse på at verken Eivind elle Morten ha fått stjerne i dag sjøl om også dei blant fleire kanskje burde fått.
Edvin Haugen
Tarjei Lødøen
Lars Ove Rake
Jan Rune Oppheim
Martin Seljeset
Sondre Jensen
Morten Taraldset
Håvard Sollid
André Haugen
Eivind Grodås
Rasmus Gausemel
Benken:
Anders Elling Kristensen
Even Lødemel
Per Otto Lien
Ole Jørgen Eide
Jan Inge Dvergsdal
Ivan Dvergsdal
Jonas Hilding (Sondre Herstad ut 84)
Kenny Hoti
Sigurd Folkestad
Ruben Holsæter
Eirik Fraas
Øyvind Hellenes (Gøran Standal 79)
Thomas Fjørstad
Fredrik Solheim
|
|
|