Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL har til no spela 7 seriekampar i årets fjerdedivisjon, totalt 1 siger, 1 uavgjort og 5 tap. HIL har mange bortebuarar vekke på skule ol., ikkje alltid lett å få mannskapskabalen til å gå opp. Vi var klar over at mai ville måtte bli vanskeleg for oss med tanke på eksamenstid for mange av våre spelarar. Grunna dette gjorde vi eit grundig forarbeid før terminlistemøtet nettopp med tanke på denne problemstillinga.
Med over 20 mann i troppen skulle ein tru at eit slagkraftig lag kunne mønstrast kvar helg, dette har slett ikkje vore tilfelle dei siste 2-3 kampane. Vi opplever diverre at spelarar brått endrar tidlegare avtaler, spelarar kjem med forfall minutter før avreise, har lav smerteterskel når det er laaangt til bortekamp ol. Dette er mangelfull respekt for dei som legg ned helvetes med tid for at nettopp spelarane skal få utøve sin hobby som dei har forplikta seg igjenom gjensidig kontrakt med klubben.
Hadde dette vore gjort mot ein arbeidsgiver ville det nok endt opp med avskjed på grått papir! Pass på haldningane dokka gutta, dette er ikkje ein kultur å trekke med seg vidare i livet. No forventar leiar, styret, klubben og bygda at vi tek samling i botn og startar å blø for drakta. No må vi saman gjere ein jobb som vi kan vere stolte av når sesongen er over.
Tapar vi fordi vi ikkje er gode nok så er det heilt i orden, tapar vi derimot fordi vi sviktar oss sjølve bør vi grave haude vårt ned i myra og bli der! Til helga er det heimekamp mot Jølster og då bør det brettast opp nokre skjorteermar, vi har eit for godt lag til å ligge i botn av tabellen. |
|
|