HIL - Florø 2-2 (damer)

På fredag spelte damelaget kamp mot Florø. Kampstar var 20.15 på parken. HIL opna kampen best og tok ei fortjent leiing når ein Florøspelar sette ballen i eige mål etter omlag 20 min. Deretter hadde Florø nokre store sjansar,men ei imponerande god Anita Gjørven i Honndalen sitt mål nekta Florø å score. Stillinga til pause var dermed 1-0 til heimelaget. Andre omgong vart som fyrste, begge lag hadde store sjansar, men det vart HIL som auka til 2-0 i det 70 min når Rosmari scora åleine med keeper. Då trudde nok Honndalsgjengen at 3 nye poeng va i boks, men Florø ville ikkje gje seg. I løpet av 3 min utlikna dei HIL si leiing og stillinga er 2-2 og det kunne fort blitt 3 poeng til Florø. HIL kan takke dommar Barla og Anita Gjørven i mål for at 1 poeng vart igjen i bygda. Florø vart heilt klart snytt for straffe på slutten og Anita Gjørven hadde månge solide inngripen i mål. Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 06.06.2008 Kampstart 20.15 Værrapport: Flott sommarkveld Publikumsanslag: ca 30 1-0 Sjølmål 2-0 Rosmari Heggen 2-1 Malin Melvær Gill 2-2 Marita Bauge Dommar: Muhamet Barla, Heia Honndalsstjerna: 3 stjerne: Anita Gjørven 2 stjerne: Terese Vik Nygård 1 stjerne: Elise Lunde og Beate Lødemel Anita Gjørven var HIL sin beste i kampen mot Florø. HIL hadde med desse spelarane: Anita Gjørven Beate Lødemel Terese Vik Nygård Ivrine Kristensen Elise Lunde Marie Ingeborg Espe Ingrid Maurset Mariell Nesje Ann Kristin Grodås Malin Seljeset Helene Maurset Rosmari Heggen