HIL - Jølster 1-4 (herrar)

Herrelageter inne i ein tung periode. Slutten av maimånad har vore tøff og starten på juni ikkje betre. Fredag gjesta Jølster parken og tok med seg 3 fortjente poeng heim. HIL var fullt påhøgde med Jølster i 1 omg. Eivind Grodås sende HIL etter 15 min spel i leiinga 1-0 etter eit fantastisk framspel av Anders Elling Kristensen. Åleine med keeper gjer Eivind som alltid ingen feil!! HIL held fram med å kontrollere kampen og Jølster slit litt, men etter ca haltimen spel får dei frispark. HIL er ikkje med og Jølster utnytta eit sløvt forsvarsarbeid og scorar noko ufortjent 1-1. Dette er stillinga til pause. I Honndalsleiren er trua på poeng god i pausen. Alle er enige om å gå på bana å kjempe vidare, men... 2 omgong startar med eit forrykande Jølster press. Etter 2 min spel burde Jølster hatt 2 mål ,men flaks og ein god Ola Sætren i mål hindrar dette. Etter 10 min spel av 2 omg scorar Jølster 1-2 målet etter at HIL ikkje klarar å vinne duellane etter ein corner. Jølster puttar ytterlegare 2 mål og vinn fortjent 4-1 etter ein forrykande 2 omg. HIL hadde også sine sjansar. Bla heada Anton Andre Sande like over på stillinga 3-1 og Eivind var også farleg frampå. Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 06.06.2008 Kampstart 18.30 Værrapport: Sol og blå himmel Publikumsanslag: ca 60 Mål 1-0 Eivind Grodås 1-1 Daniel Fluge 1-2 Vegard Flatjord 1-3 Daniel Fluge 1-4 Trond Vegard Ripe Gult kort: Even Lødemel Dommar: Øyvind Grindheim, Svelgen Honndalsstjerna: 3 stjerne Martin Seljeset 2 stjerne Håvard Sollid 1 stjerne Andre Haugen og Eivind Grodås HIL sitt lag Ola Sætren Anders Elling Kristensen Kjetil Svarstad Sindre Fannemel Martin Seljeset Andre Haugen Håvard Sollid Morten Taraldset Rasmus Gausemel Ole Christian Nygård Eivind Grodås Benken Anton Andre Sande Sondre Jensen Even Lødemel Eivind Kongsvik Kristian Haugen 3 fyrstnemde spelte.