HIL - Saga 3-2 (herrar) oppdatert!!

Spelarane ynskjer kvarandre lukke til før avspark. HIL vann i kveld 3-2 over Saga etter ei trhiller avsluttning på Hornindal Idrettspark. Det rutinerte Sagalaget styrte i periodar av kampen banespelet og pressa HIL godt bakpå, men dei greidde ikkje spele seg til dei store sjansane. Sondre Jensen vart matchvinnar med ei fantastisk scoring!! Litt om kampen: HIL gjekk ut i 4-4-2 i dagens kamp. Etter knappe 4 min går HIL opp i leiinga. Tarjei Lødøen slår inn framfor mål og ein uheldig Are Flataker Viken klarerar ballen i eige mål. HIL styre kampen dei fyrste 10-15 minutta, men etter dette tek Saga over og HIL bli pressa bak på bana. Etter at Odd Anders Wie set ballen i mål frå kort hald legg Gunnar og Morten om til 4-3-3 og HIL binde opp litt meir av spelet og kjem inn igjen i kampen. Begge lag har nokre gode sjansar, men ingen av laga scorar før Morten set inn 2-1 på straffe like før pause. Han sjølv blir soleklart felt og han putta ballen i mål og avlivar myten om at den som blir felt ikkje skal ta straffesparket sjøl;) Etter pause er Saga det førande laget, men HIL er skumle når dei kjem seg frampå bana. I det 65 min burde Eivind sett inn 3-1 når han set ballen like utafor på blank goal. No jynga kampen fram og tilbake. Underteikna frykta at Saga skulle snu kampen og det va like før dei greidde det. Mange lange innkast og cornera, men det resulterte kun i nasebrot for Odd Anders Wie. Odd Anders Wie braut truleg nasa på Parken i kveld. Det var månge harde duella på parken i kveld. So i 89 min utliknar Saga til 2-2. Publikum og Honndalsbenken fryktar at alle poenga ryk, men rett frå avspark får Andre Haugen ballen og set fart frå midtbana og heilt til cornerflagget på si høgreside. Han slær ballen til Eivind som sende den til Sondre som kline ballen i krysset. 3-2 til HIL i det 90 min!!!! HIL rir av stormen og tek til slutt 3 veldig viktige poeng. Etter 3 viktige poeng var pressa sjølvsagt aktiv etter kampen. Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 18.06.2008 Kampstart 19.30 Værrapport: Skya opphaldsveir m/regn i lufta. Publikumsanslag: ca 35 Mål: 1-0 (sjølvmål)Are Flataker Viken 1-1 Odd Anders Vie 2-1 Morten Taraldset (straffe) 2-2 3-2 Sondre Jensen Gult kort: Kai Vidar Nygård, Saga. Dommar:Kai Inge Fløde, Stadlandet. Honndalsstjerna: 3 stjerne: Andre Haugen 2 stjerne: Rasmus Gausemel 1 stjerne: Martin Seljeset Martin åt ei banan i pausen den redda truleg 3 poeng for HIL. Han hadde eit par veldig viktige ingripen i 2.omg. HIL sitt lag: Kristoffer Grodås Andre Haugen Jan Rune Oppheim Rasmus Gausemel Martin Seljeset Per Otto Lien (Sondre Jensen frå 51min) Håvard Sollid Kjetil Svarstad (Lars Ove Rake frå 50min) Tarjei Lødøen Eivind Grodås Morten Taraldset Desse to hadde stålkontroll frå sidelinja. Benken: Olav Otterdal Kim Runar Heggen Even Lødemel Kristian Haugen Eivind Kongsvik HIL hadde månge på benken i kveld. Olav og Kim var tilbake frå Vikane. Saga sitt lag: Torgeir Sørheim Harald Oppedal Magnus Breilid Geir Ove Holme Ken