Hornindal - Syril 3-3

Herrane tok laurdag i mot Syril til vårens siste seriekamp. I brukbart veir blåste dommar Torstein Kvam igong kampen presist kl 15:00. Heimelaget gjekk ut i ein 4-4-2 formasjon med evigunge Taraldset og purunge Grodås som spissduo. Sistnemnde ordna enkelt og greit 1-0 til heimelaget etter 5-6 min spel og det såg ut til å bli ein bra omgang av HIL. etter kvart kjem Syril inn i kampen og tidvis herja dei med eit Honndalslag som ikkje fann formasjon eller fekk til meir en et par trekk dei gongane dei fekk ballen. Til tross for at Syril brende straffespark etter ei felling forårsaka av kraftkaren Oppheim gjekk dei likevel til pause med ei fortjent 1-2 leiing. Heimelaget hang rett og slett ikkje saman i fyrste omgang og det skulle vise seg å vere eit sjakktrekk med omlegging til 4-3-3. Pausa og formasjonsendringa gjorde tydlegvis susen og heimelaget terroriserte til tider gjestane. heimelaget putta med Eivind og Håvard og snudde kampen i løpet av 20 min i andre omgang. Førstnemnde var og åleine med keeper eit par gongar og kunne med litt meir tur ha punktert kampen på eiga hand. Men vips så glepp det i dei bakre rekker og Syril er igjenom åleine med Krissen og gjer enkelt og greit 3-3. Rett etter feller Martin ein Syrilspelar og eit krystallklart straffespark til gjestane er belønninga. Då rekna alle med at bortelaget skulle robbe alle poenga, men den gong ei, Krissen tek pinadø den straffe og!! Kampen ebbar ut med 3-3 og sett i lys av dei to straffesparka som dei brende var vel det eit rettferdig resultat. Då har laget 8 poeng etter hausten og innehar nest siste plassen, men mykje positivt på gang, blir maaaange fleire poeng til hausten. GOD SOMMAR HIL hadde følgjande i aksjon: Kristoffer Martin Mini Rasmus Jan Rune ( Olav 15 min ) Håvard Sindre Kjetil ( Kristian 10 min ) Per Otto ( Anders Elling 20 min ) Morten Eivind Honndalsstjerna: 3 stjerner Kristoffer 2 stjerner Eivind 1 sjerne Morten Publikum : 30-40 Veir + div. : delvis skya med glimt av sol, 13-15C, ikkje stadionur og flagg. Speaker var ellers taus. ( trukje han var der inne i bua? ) Gode vaffel og god kaffi i kiosen servert av ei altid like blide Siri Sollid.