Opnar mot Årdal2

Herrelaget startar haustsesongen med 3 heimekampar. Fyrst ut er Årdal2 på Søndag kl.15.00 på Parken. Etter ein poengmessig mager vårsesong satsar HIL på å følge opp myten om at vi er eit haustlag. Troppen er omtrent den samme som i vårsesongen. Vi har mista 2 sentrale spelarar i Håvard Sollid og Tarjei Lødøen pga militærtjeneste. Samstundes er Ole Christian Nygård tilbake frå militæret. Vi oppfordrar folket til å møte på Parken søndag å støtte laget i kamp om livsviktige poeng. VEL MØTT!!