HIL - Årdal2 4-3

HIL vann i dag til slutt ein fortjent 4-3 siger mot Årdal 2. Kristoffer fekk ikkje stjerne i dag, men som dåkke ser so tok han seg ut på kampen i dag. HIL låg unde 0-2 til pause, men heva seg stort i andre og køyrde i peridoar over Årdal sine nest beste. 1 mål av Marius Grodås og 3 av Eivind Grodås sikra HIL 3 viktige poeng på Parken. 1 omgong var Årdal det klart beste laget og det var ikkje ufortjent at dei leia 0-2 til pause. Det einaste som er vert å nemne er at Kristoffer Grodås gjorde benken nervøs då han signaliserte bytte allereide etter 25 min spel. I pausen fekk han "behandling" av Endre Lødemel og det såg ut til å hjelpe for butikk og keepersjef Grodås greidde å fullføre kampen (heldigvis). Endre traff (i følge Kristoffer) under behandlinga av Kristoffer punkt som han ikkje var klar over at han hadde på kroppen. 2 omg er eit positivt minne for HIL. Omgongen er knapt i gong og Andre sender eit frispark frå midtbana til Marius som stussar ballen i mål 1-2 og HIL er med igjen. Ei veldig viktig scoring som gjev HIL trua på at det er mulig å ta poeng i denne kampen. Annført av en fantastisk midtbanetrio Marius Grodås, Håvard Maurset og hærførar Morten Taraldset styre HIL kampen og i periodar er det envegskøyring. Hadde vi vore effektive framfor mål i dag kunne det blitt både 6-7 og 8 mål, men det stoppa på 4. Hat-trick av Eivind Grodås sørga for at HIL omsider kan cruise inn 3 viktige poeng. Marius skaut i stonga på ope mål, Olav var fint frampå ved fleire høve også Morten, Marius og Eivind hadde sjansen men det ville seg ikkje. Sjølvsagt so hadde Årdal sine sjansar og, men alt i alt sett med Honndalsauge og etter ein flott 2 omg so vart det ein fortjent siger. Årdal reduserte til 4-3 i det 94 min so sigeren vart ikkje meir trua. Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 03.08.2008 Kampstart 15.00 Værrapport: Skya opphaldsveir m/gløtt av sol Publikumsanslag: ca 50 Mål: 0-1 Gøran Moheim 0-2 Stian Øy 1-2 Marius Grodås 2-2 Eivind Grodås 3-2 Eivind Grodås 4-2 Eivind Grodås 4-3 Mats Andre Jevnaker Eivind scora 3 mål!!! Marius signaliserar at hass sitt mål kom etter ei flott heading!!;) Gult kort: Jan Rune Oppheim, Kristoffer Grodås (HIL) Sverre Heggheim og Johnny Aspesæter (Årdal) Dommar:Per Olav Erikstad, Jølster Honndalsstjerna: 3 stjerne: Morten Taraldset 2 stjerne: Jan Rune Oppheim 1 stjerne: Andre Haugen Desse tre karane fekk stjernene i dag. Vanskeleg å vurdere, men med ein svak 1.omg på månge vart innsatsen i den omgongen avgjerande for valet i dag. Her e dagens vinnarlag!!!! HIL sitt lag: Kristoffer Grodås Andre Haugen Jan Rune Oppheim Lars Ove Rake Martin Seljeset Håvard Maurset Marius Grodås Kjetil Svarstad Rasmus Gausemel Morten Taraldset Eivind Grodås Benken: Olav Otterdal Per Otto Lien Anders Elling Kristensen Even Lødemel Kristian Haugen Årdal2 sitt lag: Stian Karlsen Gunnar Heggheim Thomas Malinowski Sverre heggheim Trond Hjelle Volden Eirik Natvik Julian Brons Mats Andre Jevnaker Stian Øy Gøran Moheim Johnny Aspesæter