Parodien er eit faktum!!!

3 divisjon i avd.2 har utvikla seg til ein parodi av ein fotballsesong. Rett før seriestart trekte Eid sitt påmelde damelag og etter 3 eller 4 serierundar trekte Tambarskjelvar sitt lag og i dag kom meldinga om at Florø har trekt sitt damelag frå avdelinga. Dermed er det kun Bremanger, Breimsbygda, Førde og HIL igjen i avdelinga. Det er ei skandale at ein stor klubb som Florø ikkje klarar å fullføre sesongen når det kun står igjen 4-5 kampar. Om dei so fullførte sesogen med berre tap og unge spelarar fekk verdifull kamperfaring so hadde det ikkje spelt nokon rolle, men tydlegvis er det ikkje 12-13 jenter mellom 15-19 år som spelar fotball. Ufatteleg!!! No ser kretsen på muligheiten for å avvikle ein dobbel serie med dei gjenståande laga dvs at det vert 6 kampar i løpet av hausten. Vi har gjett beskjed om at vi vil prøve dette, men at vi ynskjer laurdagskampar når vi har bortekamp pga bortebuarane våre. Førde og Bremanger har sagt ja, medan Breimsbygda er usikkre pga evt spelarmangel... Eg håpar nesten at dei klubbane som har trekt laga frå sesongen får 1 sesong karantene for å melde på damelag for det skal ikkje vere so enkelt å trekke laget sitt, for det handlar trass alt om respekt for motstandarane og. Her ha vi reist til Florø å vunne og arrangert kamp i Honndalen til inga!!!, inga nytte!!! PS!!! Det skal seiast at underteikna ikkje veit årsaka til kvifor Florø ha trekt seg, men eg reknar med kretsen har gjort sitt før å få Florø til å halde ut sesongen.