HIL - Lærdal 5-1 (herrar) (oppdatert)

HIL vann i dag fortjent 5-1 mot eit svak Lærdalslag. Ser ein vekk frå dei 5-6 fyrste minutta av 2.omg er HIL heilt klart det beste laget. HIL leia 2-0 til pause etter eit sjølmål og eit mål av Eivind Grodås. Like etter pause reduserar Lærdal til 2-1 etter svakt forsvarsspel av HIL. Deretter er det einvegskøyring og HIL scorar 3-1 etter fantastisk spel der Håvard Maurset headar ballen fint i mål. 4-1 kjem etter ein fantastisk soloprestasjon av Marius Grodås som driblar av 2-3 Lærdøle og banka ballen i mål. 5-1 scorar Eivind Grodås når HIL tek eit kjapt frispark og han kjem åleine gjennom med keeper. Alt i alt ein fortjent siger, vi hadde eit hav av sjansar. Fleire i stonga og fleire gongar åleine mot keeper i tillegg fleire hårreisande offsideavblåsningar av dommar Erikstad. Neste helg kjem topplaget Vik på besøk. Dei har 3.divisjonsspel i sikte så dette vert ein tøffbatalje. Vi satsar på at vi har fleire spelarar disponible til den kampen so skal Vik få kamp om poenga neste søndag. Kampfakta: Kampfakta: Bane: Hornindal Idrettspark Dato: 10.08.2008 Kampstart 15.00 Værrapport: Skya opphaldsveir m/gløtt av sol Publikumsanslag: ca 50 Mål: 1-0 Sjølmål 2-0 Eivind Grodås 2-1 Serif Isic 3-1 Håvard Maurset 4-1 Marius Grodås 5-1 Eivind Grodås Gult kort: Morten Taraldset og Per Otto Lien (HIL) Dommar:Per Olav Erikstad, Jølster Håvard Maurset, Eivind Grodås 2 og Marius Grodås scora for HIL samt eit sjølmål av ein Lærdøl. Han var ikkje tilstades når bilde vart teke. Same 3 spelarane fekk også stjerne i dagens kamp. Honndalsstjerna: 3 stjerne: Eivind Grodås 2 stjerne: Marius Grodås 1 stjerne: Håvard Maurset Vinnarlaget!!! HIL sitt lag:(4-3-3) Kristoffer Grodås Per Otto Lien Jan Rune Oppheim Edvin Haugen Martin Seljeset Håvard Maurset Morten Taraldset Anders Elling Kristensen Marius Grodås Eivind Grodås Kim Runar Heggen Benken: Sindre Fannemel Even Lødemel Kristian Haugen