Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Eit svakt og til tider surmulande HIL-lag tapte søndag fortjent 1-4 mot eit aggresivt og hardt kjempande Vik-lag.
Dei fyrste 20-25 min va HIL godt med i kampen og det va ingenting å seie på at Marius Grodås sende HIL i føringa 1-0 frå straffemerke, men derifrå og inn var Vik i ein klasse for seg sjøl. HIL skapte nesten ingenting, pasningane sat ikkje som dei skulle og ingen av spelarane greidde å ta tak i kampen så saknet av ein suspendert Morten Taraldset vart meir og meir synleg.
Vik scora som sagt 4 mål, men dei kunne og burde hatt fleire, men aluminiumen, folk på strek og ein god reservekepper i Ola Sætren redda oss frå eit større tap.
No er det berre å riste av seg skuffelsen å brette opp armane for neste kamp er borte mot Eikefjord og det blir ingen lett jobb!!!
Kampfakta:
Bane: Hornindal Idrettspark
Dato: 17.08.2008
Kampstart 15.00
Værrapport: SOL
Publikumsanslag: ca 60 (5 når kampen starta)
Mål 1-4 (1-2)
1-0 Marius Grodås (str)
1-1 Marius Valsvik
1-2 Øystein Myrkaskog
1-3 Øystein Myrkaskog
1-4 Øystein Myrkaskog
Dommar: Kjell Alme, Sandane
Honndalsstjerna:
3 stjerne: ingen
2 stjerne: ingen
1 stjerne: Ola Sætren
HIL sitt lag:(4-3-3)
Kristoffer Grodås (Ola Sætren frå 15min)
Andre Haugen
Jan Rune Oppheim
Endre Lødemel
Martin Seljeset
Sindre Fannemel
Håvard Maurset
Marius Grodås
Rasmus Gausemel
Ole Christian Nygård
Eivind Grodås
Andre innbyttarar:
Anders Elling Kristensen
Even Lødemel
Lars Ove Rake
Per Otto Lien |
|
|