Hornindal-Førde II 3-5

HIL makta ikkje å kapre poeng i den viktige kampen mot Førde II som vart spela på idrettsparken i går. Motstandaren tok ledelsen på straffe etter at Anders Elling klabba den store nøven sin rundt øyrene på ein førdianar. Men HIL kom kjapt tilbake, først 1-1 på straffe frå Marius, deretter banka same mann ballen i høgre hjørne for måvakta til Førde, ein glimrande prestasjon frå den vesle ballkunstnaren åva nyland. Alt i alt banas beste på idrettsparken i denne kampen. Men so gjekk lyset, HIL fekk ikkje til noko som helst og Førde herja med oss, særleg på vår høgre side fekk vi meir en nok å stri med, doblinga deira frå denne kanten makta vi ikkje å demme opp for. 2-1 var snudd til 2-4!! til pause. I andre omgang klarte HIL å snu trenden og var alt i alt det beste laget dei siste 45 min. Men til tross for ny straffe og mål nummer tre frå Marius kom vi aldri nært nok til at det skulle bli spennande. Førde laga like godt mål fem for ettermiddagen og kampen ebba ut med 3-5 og tre fortjente poeng til Førde II. Fortjente fordi dei laga fem mål, poenga rota vi vekk på feil og tabbar noko som må renskast vekk til dei to neste kampane, "sekspoengskampar" mot tabellnabo Sandane borte 7 september og heimekampen mot Askvoll Holmedal 14 september. Til tross for tap i går ligg vi berre 2 poeng bak Askvoll, Sandane og Lærdal. Med andre ord, det blir nok ei thriller avslutning for å unngå nedrykk frå fjerdedivisjon. HIL - FØRDE II 3-5 Kl 15:00, Idrettsparken Mål HIL, 3 x Marius Ola Anders E, Endre, Edvin, Martin Olav, Morten, Sindre Marius, Ole Chr., Kim R Kristian 50 min for Olav Even 15 min for Kim R Stjerner HIL 3 - Marius 2 - Endre 1 - Kim Runar