Herrar : Sandane - HIL 5-2

Hil makta ikkje å få med seg poeng i den viktige bortekampen mot Sandane i går. Kampen var derimot mykje jamnare en resultatet viser. Personlege feil blir ein som sagt straffa for i fotball, og når ein ikkje set sjansane sine går det som regel den vegen høna sparkar.. HIL starta kampen nok ein gong med nykomponert lag, Ola Sætren i mål, backrekke med Martin, Mini samt Sindre og Edvin som stopparar. Midtbane med Terje som anker, flankert av kantane Kim Runar og Håvard samt Marius bak spissane. Heilt framme på topp Morten og Endre, alt ut frå ein 4-4-2 formasjon. Kampen starta horribelt for oss rett og slett! Etter 4 min var Ola uheldig og miste ballen frå fast grep og Sandane gjekk i leiing 1-0, sånt kan skje, men synd for oss. Ellers ein særs god kamp av Ola! Men sanninga var at Sandane køyrde over oss frå første minutt, kom med 4-5-6 mann og var igjenom over alt ! Ein heller dårleg dommar, Mr. Fløde frå Stadlandet burde ha blåst eit dusin offside men nok om det, etter 5 min 2-0, eller 15 3-0..... Eit mørkt kvarter for oss. Det hadde faktisk ikkje vore ufortjent om Sandane faktisk hadde skåra eit mål eller to til dei første 20 min. Underteikna og Gunnar såg galskapen og la om til det trygge etter 18-20 spelte minutt. Endre tilbake i forsvaret, Terje opp på topp og Morten tilbake i sentral midtbane. Trur nok at vi må lære no, tryggheit bygger vi bakfrå. Vi kan ikkje sleppe inn 3-5 mål i kvar kamp og tru at vi skal vinne, det går berre ikkje. Ganske så kjapt etter omlegginga måtte Edvin ut med skade, Ole Chr kom inn og vart plassert på flanken og Håvard trekt inn som stoppar. Siste 20 min i første omgang var HIL med på notane, 30min. reduserte først ved Sindre etter flott forarbeid av Terje, deretter 3-2 ved Marius minuttet før pause. Sandane var rysta og vi var i flytsona. Ein god prat i pausa med mykje positiv giv ga resultat. HIL rundspelte Sandane dei fyrste 25 min, men 6-7 klare opplagte målsjansar gav desverre ikkje tellande resultat. Som så ofte før når ein ikkje får hol på byllen kjem det ein i tryne. Vi får frispark på 18 m, benken ber om å flytte opp folk slik at vi skal ha trøkk i boksen. Ka skjer?, vi tek frisparket kjapt, eit enkelt skot på keeper med heile laget klart til innlegg!, vips, kontra imot med stopparane oppe og 4-2 til Sandane... Deretter gjekk lufta ut av ballongen og Sandane kontra inn nok eit mål på slutten også dette på brudd imot grunna feilpasning. Eit svært merkeleg resultat med tanke på kor mange sjansar vi hadde i denne kampen. Det som absolutt var positivt og som vi skal fokusere på er det vi gjorde i perioden frå det 20 min til det 60 min, det var svært bra!. Vi skal bygge på det trygge og fortsette i det giret som vi hadde inne når vi spelte ball i hatt med Sandane. Askvoll / Holmedal skal få merke at vi er på poengjakt for å sikre plassen vår, dei tre poenga til helja skal vi ha! Dette er eg sikker på at vi skal klare i lag ! Sandane - HIL Idrettsparken på Sandane Søndag 07.09 kl 15:00 5-2 ( 3-2 ) Mål HIL: Sindre, Marius HIL Ola Martin, Sindre,Edvin,Mini Terje, Marius, Håvard, Kim Runar Morten,Endre Ole Chr -> 65 min for Edvin Anders Elling -> 20 min for Martin Olav -> 15 min for Terje Kristian -> 15 min Kim Runar Honndalsstjerna: 3 stjerne: Endre Lødemel 2 stjerne: Marius Grodås 1 stjerne: Ola Sætren